Roald Kaldestad: Heavykatten og gitaren

Illustrert av Ella Okstad


Hardrock har ein spesiell plass i hjarta til forfattar og musikar Roald Kaldestad. Det var hardrocken som først fekk han til å elske musikk, og som også inspirerte han til å skrive bøkene om Heavykatten. I haust får vi eit nytt gledeleg møte med den kule katten, seks år etter den førre boka. 

Og kva er vel dessutan betre, meiner Roald, enn å markere 40-årsjubileumet til Black Sabbath si sjølvtitulerte førsteplate, med ei ny bok om Heavykatten? Denne mørke og fantasieggande plata, som kom ut i 1970, sparka i gang heile hardrocksjangaren.

I Heavykatten og gitaren kan vi lese om Heavykatten som har fått ny gitar og er veldig stolt. Men ein morgon når han vaknar er gitaren borte. Nokon må ha stole den, men kven? Det viser seg at mange gitarar av det same merket blir borte på mystisk vis. Heavykatten er fortvila. Han skulle jo vere med på den store konkurransen der førstepremien er 1000 kr, andrepremien 100 kroner og tredjepremien ein geitost. Pinnsvinet Phillip og Discodansemusa hjelper til så godt dei kan. Mistanken går i ei bestemt retning. Reven Ruben er nemleg sluppen ut frå fengslet!

Her er det humor og fart og spenning! Heavykatten og gitaren er fjerde bok i serien Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Boka er, som dei førre,  gjennomillustrert i svart/kvitt av Ella Okstad. Heavykatten (del 1 og 2) har nettopp blitt sendt  i Barnetimen for dei minste på NRK P1.
Illustrert høgtlesing, frå 6 år.

Roald Kaldestad (f. 1972) er busett på Kattatveit på Stord. Han er forfattar, kunsthistorikar og frilans gitarist/mandolinist. Roald Kaldestad debuterte som forfattar i 2000 med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Året etter kom Reven Ruben, og i 2003 Polkagrisen. Dei to første går stadig som høyrespel på NRK Super. I 2006 kom biletboka Englefjell, som er laga saman med Øyvind Torseter.

Roald Kaldestad starta heavybandet TNT då han var ti år gammal (før det andre TNT), saman med bror Aasmund. Han spela i heavyband heilt til han var nokon og tjue. Seinare gjekk han over til andre musikalske sjangrar. Han har spela mykje med Odd Nordstoga, Magnet, A Boy Named Sue og William Hut. For tida spelar han mest med den litterære/musikalske førestillinga si om Heavykatten, som han har turnert med rundt i heile Noreg. Roald spelar også i inn- og utland med Storm Weather Shanty Choir.

Kontakt Roald Kaldestad: 95460749 / roald.kaldestad@sklbb.no / www.myspace.com/heavykatten


Helsing Informasjonsavdelinga Cappelen Damm. Kontaktpersonar i forlaget:
Trude Løtvedt (
trude.lotvedt@cappelendamm.no) 21 61 75 84, 416 120 22

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia