Enovastøtte til storstilt energiomlegging  i Norges største kjøpesentergruppe

Amfi Drift har fått tilsegn om støtte frå Enova på 31 millionar kroner for å vidareføre energieffektivisering på 44 av kjøpesentra. Prosjektmålet er å gjere investeringar som gir ein energireduksjon og konvertering til fornybar energi på 40 GWh i løpet av dei tre komande åra.

Amfi Drift vidarefører samarbeidsavtalen med Enøk-senteret om vidare satsing på energieffektivisering i kjøpesentra som Amfi forvaltar.


Amfi ønskjer å drive si verksemd på ein samfunnsansvarleg måte, og er derfor svært opptatt med å redusera energibruken. Amfi er samstundes opptatt av å redusera energikostnadane for sine leietakarar. Ein reduksjon i energiforbruket er slik ein viktig faktor å oppnå begge desse målsettingane.

Amfi og Enøk-senteret starta samarbeidet i 2003, og dette vert altså no vidareført i ein ny prosjektperiode fram til 2015.

– Enøk-senteret er saman med Enova gode støttespelarar for å kunne ta ytterligare steg innan energieffektivisering på våre senter, seier Kjetil Moen, drifts- og vedlikehaldssjef i Amfi Drift AS.
– Miljøgevinsten og lågare felleskostnadar for leietakarane våre er viktige mål for oss.

-Enova er glad for at Amfi Drift går føre ved å energieffektivisere sine kjøpesentra. Enova ser store moglegheiter for ringverknader av prosjektet. Dette er ein bransje med store energisparepotensial, seier Jan Peter Amundal, seniorrådgjevar for næringsbygg i Enova.

Målsetting om 40 GWh reduksjon og konvertering

Innan 2015 er målsettinga at Amfi skal ha redusert energiforbruket sitt med heile 34 GWh pr. år og konvertert til fornybar energi med 6 GWh pr. år, noko som tilsvarar energibruken til om lag 2.000 privatbustader. Ein skal mellom anna gjennomføre tiltak på detaljovervaking på energibruk tekniske anlegg, installere sentral drifskontroll, varmepumpeløysingar, energieffektiv belysning, meir energieffektive varme- og ventilasjonsanlegg.

– Enøk-senteret har gjennom mange år skaffa seg detaljkunnskap om energieffektivisering i kjøpesenter gjennom sitt engasjement med Amfi. Vi er svært glade for å få vidareføre samarbeidet med Amfi og slik bidra med energieffektivisering, fortel prosjektleiar Paul Rune Ingebrigtsen og dagleg leiar Torger Mjønes ved Enøk-senteret.

Dei 44 sentera som er med har eit oppvarma areal på 685.000 m2 med samla energibruk på 190 GWh. Prosjektet har ei investeringsramme på 230 millionar kroner, og Enova støttar prosjektet med 31 millionar kroner.

***********************

Trondheim/Surnadal /Ørsta 7. februar 2012

Om de ønskjer meir informasjon ta kontakt med:

Amfi Drift AS v/Kjetil Moen, tlf 716 57 428 eller

Enøk-senteret AS v/Paul Rune Ingebrigtsen, tlf 700 48 713

Enova SF v/Jan Peter Amundal, tlf 928 59 509

Tags:

Om oss

Statsforetaket Enova er etablert for å fremme en miljøvennlig omlegging av energibruk og energiproduksjon i Norge. Vi har som mål at det skal bli lettere å velge enkle, energieffektive og miljøriktige løsninger for alle som ønsker det. Både private og offentlige aktører er viktige målgrupper, på så vel privat som yrkesmessig arena. Enovas virksomhet finansieres gjennom påslag på nettariffen og over Statbudsjettet. Virkemidlene vi tar i bruk for å nå målene er omfattende og differensierte. Ordninger med økonomisk støtte er organisert i programområder som gjenspeiler våre prioriteringer. Det er satt klare mål for vår virksomhet, vi skal derfor dokumentere resultatene fra vårt arbeid. Enova SF er et statsforetak som eies av Olje- og Energidepartmentet. Miljøeffektiv energiomlegging Mindre behov for energi Effektiv energibruk Økt varmeproduksjon basert på avfallsforbrenning og spillvarme Økt produksjon av fornybar energi Miljøvennlig bruk av naturgass

Abonner

Multimedia

Multimedia

Dokumenter og linker