250 artistar og Dronninga feirar fridomsmusikk i Førde

-  For oss som lever i eit fritt land er det lett å gløyme at mange regime ser på musikk som farleg,  seier  direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum.  Kunst, ikkje minst musikk, har ei enorm kraft og kan vere utfordrande og farleg. Norges største fleirkulturelle musikkarangement blir opna av H.M. Dronning Sonja torsdag 8.juni.

Eit verdskjend brassband frå Serbia, hardingfeler, sigøynermusikk, palestinsk song, kurdisk musikk, fakirar, irsk musikk og riverdance, spansk flamenco, italiensk toradarkurs, indisk klassisk dans – alt kan opplevast når Verda kjem til Førde, for 21.gong!  Med temaet fridom og undertrykking set den internasjonale folkemusikkfestivalen fokus på musikarar sin rett til ytringsfridom, og kulturar sin rett til å leve og utvikle seg. Festivalen er unik og størst i Skandinavia i sin genre. 250 artistar frå 25 land, 90 arrangement. 

Ta med flagget og vink til dronninga!
H.M. Dronning Sonja er Førdefestivalen sin høge beskyttar. Festivaldirektør Bjørkum håpar folk i Førde og omeng vil møte dronninga med flagg og dans.  Torsdag kveld kl. 20.00 er ho på opningskonserten, fredag morgon vitjar ho unge musikarar i prosjektet Talent 2010. Arrangementet ”Musikk i sentrum” ved Førde Torg kl. 0930 gir folk flest høve til å oppleve dronninga og få smakebitar frå programmet, heilt gratis.

Premierar og nye produksjonar
Fredag er det premiere på festivalen sin eigen produksjon i høve Ole Bull-jubileet. Framsyninga tek utgangspunkt i Ole Bull som fridomsforkjempar, verdsmann og elskar av tradisjonsmusikk.  Publikum vil får høyre Bull sitt virtuose og folkemusikkinspirerte stykke ”Polacca Guerreira” bli framført av Ragnhild Hemsing, med Dimitris Kostopolous ved klaveret. Elles medverkar felemeisteren Per Anders Buen Garnås, velrenommerte Kroke frå Polen, Orquestra Chekara Flamenca frå Spania og Marokko og Cuba Libre med Sverre Indris Joner i spissen når publikum får vere med Ole Bull på hans reiser i Amerika, Europa og Afrika.

Den andre premieren er eit musikkteater for born, I berget det blå. Produksjonen er i samarbeid med Gloppen Musikkfest.

Musikk, utstillingar, kurs...
Det skjer fleire ting under festivalen: Norgespremiere på 25 meter fotoutstilling, Tracking Freedom,  av  Høyangerfotografen Tom Hatlestad. Kurs i flamenco, irsk dans, palestinske voggesongar og italiensk toradarkurs. Familieverkstad ved sjantifantane.  I tillegg kjem Førdekonferansen:

Opera og halling dei nye kulturnæringane?
Førdekonferansen 8.juli  har tema innovasjon og nytenking i kunst- og kulturformidling. Hallgrim Hansegård, eigar av FRIKAR Dance Company, har gått frå solodans til bedrift med 30 dansarar. Flaks, geni eller hardt arbeid, spør vi. Andre innleiarar: Tom Remlov - direktør Den norske opera og ballett, Ian Smith – frå Creative Scotland, leiar ved Jærmuseet, Målfrid Snørteland,  frå to til 52 tilsette sidan 1986. Program og påmelding (framleis ledige plassar) på www.fordefestival.no

Pressekontakar:
- Direktør Hilde Bjørkum, mobil 90 91 99 33
- Kommunikasjonssjef Torill G. Faleide, mobil 90 73 85 27, torill.faleide@fordefestival.no
- Infomedarbeidar Anne Margrete Alværn, mobil 90 04 66 26, anne@fordefestival.no

Høyr musikken på:
http://www.myspace.com/fordefestival

Filmar og bileter finn du m.a. på
www.youtube.com/fordefestival
www.facebook.com/pages/Forde-Norway/Fordefestivalen/74584319980#

Blogg:
http://fordefestivalen.blogspot.com/

Førdefestivalen er ein av knutepunktfestivalane i Norge og den største festivalen i Skandinavia for akustisk folk/world/trad musikk. Kvart år presenterer festivalen artistar frå heile verda gjennom over 80 store og små konsertar og arrangement over fire dagar til eit publikum på rundt 25 000.  HM Dronning Sonja er festivalens høge beskyttar. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse. www.fordefestival.no

Om oss

Verda kjem til Førde! Førdefestivalen er ein smeltedigel for musikk og kultur frå heile verda. I 21 år har internasjonale folkemusikktradisjonar stått i sentrum for det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. Målet er å tilby artistar publikum ikkje kan høyre på andre festivalar og legge tilhøve best mogeleg til rette for magiske møte mellom musikarar og publikum. Alt om festivalen: www.fordefestival.no - www.myspace.com/fordefestival FAKTA Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990. Sidan den gong har over 4000 artistar frå heile verda stått på scena i Førde. Festivalen er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. I løpet av fire dagar blir det arrangert meir enn 80 programpunkt: Konsertar, kurs, gatekonsertar, opptog. I eit variert program blir det fokusert på den autentiske, ekte folkemusikktradisjonen, slik vi finn den i alle kulturar verda over. Kvart år har eit tema; ”Musikk langs Silkevegen”, ”Den keltiske familie”, ”Afrikanske røter”, ”Saludos del Caribe!”, ”Emotions Francaises”, ”Dialog” , ”World Voices”. I 2010 er temaet ”FRIDOM og undertrykking” Norsk og nordisk tradisjonsmusikk står også sentralt i programmet.