Dronninga opna stemningsfull Førdefestival

H.M. Dronning Sonja opna torsdag kveld Førdefestivalen, saman med representantar for unike etniske musikktradisjonar. Over 1800 menneske var på konserten. Det er meir enn ifjor då m.a. FRIKAR deltok.

Artistar frå ialt 8 land laga ein svært stemningsfull konsert, mellom anna London Uyghur Ensemble (Kina/Kirgisistan) svensk joik, The Kramkars (Iran/Kurdistan) og Kroke frå Polen. Tema for festivalen iår er fridom og undertrykking - og Førdefestivalen har invitert artistar som ikkje let seg kneble. 250 artistar frå 25 land.

Eit 80-tals konsertar og arrangement står på programmet dei komande dagane, frå norsk tradisjonsmusikk til musikk du ikkje får høyre live andre stader i Norge eller Skandinavia. Rett nok kjem eit par av artistane rett frå Roskildefestivalen, m.a. Marko Markovic Orkestar.

H.M. Dronnings Sonja er på Førdefsetivalen også fredag, og skal då m.a. vere til stades på eit utandørsarrangement og vitje dei 9 deltakarane i talentprosjektet, som iår er ungdomar frå Norge, Kapp Verde og Brasil. 

Meir informasjon om festivalen og artistar frå 25 land finn du på www.fordefestival.no

Høyr musikken på: http://www.myspace.com/fordefestival
Filmar og bileter finn du m.a. på
www.youtube.com/fordefestival
www.facebook.com/pages/Forde-Norway/Fordefestivalen/74584319980#

Blogg:
http://fordefestivalen.blogspot.com/

Pressekontaktar:
- Direktør Hilde Bjørkum, mobil 90 91 99 33       
- Kommunikasjonssjef: Torill G. Faleide, mobil 90 73 85 27, torill.faleide@fordefestival.no        
-  
Infomedarbeidar: Anne Margrete Alværn, mobil 90 04 66 26, anne@fordefestival.no

Om oss

Verda kjem til Førde! Førdefestivalen er ein smeltedigel for musikk og kultur frå heile verda. I 21 år har internasjonale folkemusikktradisjonar stått i sentrum for det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. Målet er å tilby artistar publikum ikkje kan høyre på andre festivalar og legge tilhøve best mogeleg til rette for magiske møte mellom musikarar og publikum. Alt om festivalen: www.fordefestival.no - www.myspace.com/fordefestival FAKTA Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990. Sidan den gong har over 4000 artistar frå heile verda stått på scena i Førde. Festivalen er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. I løpet av fire dagar blir det arrangert meir enn 80 programpunkt: Konsertar, kurs, gatekonsertar, opptog. I eit variert program blir det fokusert på den autentiske, ekte folkemusikktradisjonen, slik vi finn den i alle kulturar verda over. Kvart år har eit tema; ”Musikk langs Silkevegen”, ”Den keltiske familie”, ”Afrikanske røter”, ”Saludos del Caribe!”, ”Emotions Francaises”, ”Dialog” , ”World Voices”. I 2010 er temaet ”FRIDOM og undertrykking” Norsk og nordisk tradisjonsmusikk står også sentralt i programmet.

Abonner