Fleire unge

Report this content

Stadig fleire yngre vil jobbe dugnad for festivalen, og fleire unge kjøper ungdomspass. - Det lova bra for framtida, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum. På opningskonserten torsdag kveld var det over 1900 menneske, like mykje som i fjor då Dronning Sonja opna Førdefestivalen.

Den 22.Førdefestival er godt igang, og billettsalet ser bra ut. - Iår har me solgt fleire festivalpass enn tidlegare, det er ein god indikator, seier Bjørkum. Ho inviterte til party med damer frå fleire verdsdelar; Folketonar med felespelar og songar Sigrid Moldestad, The Mahotella Queens frå Sør-Afrika - spreke damer som nærmar seg 70 år og kallar seg verdas eldste jenteband, songaren Urna frå Mongolia, Liu Fang frå Kina - som truleg kan konkurrere med verdas beste gitaristar. I alt skal 270 artistar frå 27 land opptre under festivalen.

Unge og vaksne damer
Festivaldirektør Bjørkum er oppteken av å få til møte mellom unge og eldre kvinnlege artistar, og som konfransier Sigrid Moldestad sa under opningskonserten; - For hundre år sidan vart det sett på som både syndig og upassande om kvinner frå bygdene i Norge ville spele fele. Den situasjonen fins mange andre stader i verda i 2011. At vi kan setje lyset på kvinner som er og har vore føregangskvinner i sine land for å endre dette vil denne festivalen minne oss på, sa Moldestad. 

Urpremiere
Under festivalen er det fleire tilbod for barn og unge, mellom anna teaterstykket "Urmakarens hjarte" som hadde urpremiere torsdag. Stykket blir vist både lørdag og søndag. På scena står folkesongaren Unni Løvlid og fire skodesplarar. Stykket handlar om tolv år gamle Runa som har mista mor si i ei ulykke. Stykket er inspirert av norsk folkemytologi og gjennom bruk av video og lyd blir det skapt eit visuelt lydunivers.

Fakta om Førdefestivalen
-
Norges største fleirkulturelle musikkarrangement
- Er ein av knutepunktfestivalane i Norge
- Den største festivalen i Skandinavia for akustisk folk/world/trad musikk
- Blir arrangert for 22.gong
- 270 artistar frå 27 land
- Største årlege kulturarrangement i Sogn og Fjordane

For meir informasjon:
- Festivaldirektør Hilde Bjørkum, tlf. 90 91 99 33
- Kommunikasjonssjef Torill G. Faleide, tlf. 90 73 85 27

Multimedia

Multimedia