Førdefestivalen 2012 slepper programmet

Under temaet Sameksistens ønskjer den 23. Førdefestivalen å vise korleis fredeleg samkvem mellom kulturar og folk påverkar musikk- og kulturtradisjonar på alle kontinent. Direktør Hilde Bjørkum har sleppt heile det omfattande programmet for festivalen, som med over 80 arrangement på fire dagar er eitt av dei største fleirkulturelle arrangementa i landet.  

NB! Denne pressemeldinga har sperrefrist for nett, radio og tv til torsdag 29. mars kl 0600 - og for trykte medier: torsdagsavisa 29. mars.


Spansk flamenco møter indisk raga
Indiske Anoushka Shankar har gått i faren, legendariske Ravi Shankar, sine fotspor og etablert seg som ei av dei store stjernene i internasjonal verdsmusikk. -Det er fantastisk å få presentere Anoushka Shankar og hennar flotte musikarar i Førde. Ho let ragamusikk og flamenco smelte saman, slik berre ein meister kan. Dette er ein konsert som kjem til å setje spor, seier Hilde Bjørkum, som også har sikra seg ein av verdas leiande songarar, israelske Yasmin Levy til festivalen. Ho syng på ladino, det spansk-jødiske språket, og er den fremste eksponenten for sefardisk musikk. Stjernesongarar er også Alireza Ghorbani frå Iran og Dorsaf Hamdani frå Tunisia. I Ivresses tolkar dei den verdskjende persiske poeten og filosofen Omar Khayyam sine verk, i det som på same tid er eit unikt møte mellom den persiske og arabiske verda.

Halling møter kung fu i ny FRIKAR-framsyning
Ei av framsyningane festivalen er ekstra spent på, er FRIKAR dance company: «8». Her møter koreograf Hallgrim Hansegård og tre av våre beste lausdansarar kinesiske kung fu munkar til akrobatikk og rørslekunst. Musikken er nykomponert av Marco Paus. - Både vi og publikum har hatt store opplevingar med FRIKAR dance company i Førde. Det vert spennande å sjå kva «8» vil gje oss, seier festivaldirektøren.  Sterke europeiske tradisjonarThe Other Europeans er ein unik produksjon som er eit handslag til den rike musikkarven frå sigøynarar og jødar i Europa. Fjorten av verdas fremst solistar innan klezmer- og sigøynarmusikk er med. Alan Bern er pianist og produsent, og blant solistane finn vi cimbalom-virtuos Kálmán Balogh, Petar Ralchev på akkordeon og Adrian Receanu på klarinett. Desse musikarane er trekkplasteret på den store utekonserten fredag kveld, 6. juli.  Frå Mali, Cuba og Irland Frå Mali kjem Bassekou Kouyaté & Ngoni Ba. Bassekou Kouyaté har løfta tradisjonsinstrumentet ngoni fram i lyset, og eventyrleg suksess dei siste åra gjer at han for lengst nyt stjernestatus både heime og ute. Kamel El Harrachi frå Algerie spelar fengjande châabi, og fyller stadig fleire konsertsalar. På same måte fyller cubanske Septeto Santiaguero dansegolva med sine eminente salsarytmar. Det finst visst ikkje betre på Cuba. Og i irsk folkemusikk er det få som kan hamle opp med populariteten til Lúnasa, som laurdag 7. juli inntek den store utescena i Førde.  

Ukjend kultur for første gong i Norge
Ensemblet Sidi Goma vert også kalla «Dei svarte sufiane frå India», og er etterkomarar av aust-afrikanske flyktningar som busette seg i Gujarat i India for 800 år sidan. Denne afro-indiske kulturen har vore totalt ukjend for resten av verda inntil for ti år sidan. Både små og store bør få med seg det det spektakulære synet av ansiktsmåla dansarar og musikarar når dei viser oss sufidansar og andre mytiske og mystiske skikkar.  

Norske namn i toppsjiktet
Andre store norske namn på plakaten er Nils Økland, Knut Hamre og Benedicte Maurseth, som spelar europeisk tidlegmusikk og eigne komposisjonar på dei eldste hardingfelene som er å oppdrive. Ragnhild Furebotten kjem med seks av landets beste blåsarar i konserten Never on a Sunday. Trio Mediævel med Berit Opheim og Birger Mistereggen tek hand om den alltid populære midnattskonserten i kyrkja.  Nye produksjonar - nye konsertstader – nye opplevingar!Festivalen markerer Lindemansjubileet med famsyninga Skjønn Anna og Lindeman og tre generasjonar hardingfelespelarar frå Jølster planlegg å sleppe første plata si, Jølster 2012, under festivalen. Dei som her tek pulsen på musikktradisjonen i heimbygda Jølster anno 2012, er Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal, Erlend Apneseth og Sigmund Eikås. I år vert det også både fjelltoppkonsert og barnekonsert ute i det fri, når festivalen i samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag inviterer til konsert på Hafstadfjellet.(706 m o h) og konsert på idylliske Hundsrasta.

Festival for heile familien
Førdefestivalen legg vekt på å ha konsertar, verkstader og aktivitetar for folk i alle aldrar. Barnebillett på vanlege konsertar kostar kr 50,-, og i tillegg er vi ekstremt rimelege for ungdom og studentar! –Vi har ei lang rekkje gratisarrangement kvar dag, og søndag inviterer vi til ein svært populær familiedag i Førdehuset, med stort sett gratis konsertar og aktivitetar, avsluttar direktør Hilde Bjørkum. Første dag av festivalen inviterer ho kulturaktørar dagskonferanse om publikumsbygging, under tittelen Inn med publikum – ut med fordommane

Under vil du finne artistoversikt for Førdefestivalen 2012, komplett program er lagt ut på fordefestival.no 

Yasmin Levy
(IL), The Other Europeans (MD/HU/BG/FR/UK/USA/DE), Anoushka Shankar (IN), Frikar dance company: “8” (NO/CH), Bassekou Kouyaté & Ngoni Ba (ML), Kamel El Harrachi (DZ), Trio Mediæval, Ragnhild Furebotten – Never on a Sunday (NO), Lúnasa (IE), Aasmund Nordstoga & Abildsø Spelemannslag (NO), Alireza Ghorbani & Dorsaf Hamdani: Ivresses (IR/TN) Ellika/Solo/Rafael (SE/NO/MX) Renata Rosa (BR), The Nordic Fiddlers’ Bloc (NO/SE/UK), Lindigo (FR-Réunion), Kálmán Balogh & The Gypsy Cimbalom Band (HU), Sergey Starostin Ensemble (RU), Harald Haugaard Trio (DK), Musicians of the Nile (EG), Nils Økland, Knut Hamre, Benedicte Maurseth (NO), Elisabeth Seitz (DE), Philippe Pierlot (BE), Svanevit (SE), Sidi Goma (IN), Damily (MG), Septeto Santiaguero (CU), Shunsuke Kimura x Etsuro Ono (JP), Apsilies (GR), Kyungso Park (KR),Camilla Granlien, Marit Karlberg, Stein Villa, Kvedarkvintetten, Celio de Carvalho, Gabriel Fliflet , P.A. Røstads orkester, Marie & Julie , Godsruta, , Andreas Bjørkås, DJ 99, Synnøve Bjørset, Gro Marie Svidal, Sigmund Eikås, Erlend Apneseth, Vrang, Gamlebanken Spelemannslag, Syvers Orkester, Indre Sunnfjord Spelemannslag, Steinar Ofsdal, Aissa Tobi m. fl 

NB! Denne pressemeldinga har sperrefrist for nett, radio og tv til torsdag 29. mars kl 0600 - og for trykte medier: torsdagsavisa 29. mars.

Festivalleiing og artistar er tilgjengelege for intervju og vi har ei rekkje foto til fri bruk for media.

FOR INTERVJU, FOTO og GENERELL INFORMASJON:

Hilde Bjørkum, Festivaldirektør, tlf: 90 91 99 33, e-post: hilde.bjorkum@fordefestival.no

Torill Faleide, Kommunikasjonssjef, tlf: 90 73 85 27, e-post: torill.faleide@fordefestival.no

Therese Asker, Kommunikasjosrådgiver, tlf: 91 19 72 16, e-post: therese@fordefestival.no


Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ein av Norges knutepunktfestivalar og Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk.  Kvart år presenterer festivalen om lag 250 artistar frå heile verda. Programmet omfattar over 80 ulike festivalarrangement, og totalt besøkstal ligg på 25-30 000 kvart år. Festivalen vil bli dekka av nasjonal og internasjonal presse.  HKH Kronprinsesse Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar. 5.-8. juli 2012 blir festivalen arrangert for 23. gong.  Programinformasjon og andre opplysningar på fordefestival.no.

Billettar til festivalen er i sal via Posten, Billettservice tel 815 33 133, www.billettservice.no, frå torsdag 29. mars kl. 12:00

Tags:

Om oss

Verda kjem til Førde! Førdefestivalen er ein smeltedigel for musikk og kultur frå heile verda. I 21 år har internasjonale folkemusikktradisjonar stått i sentrum for det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. Målet er å tilby artistar publikum ikkje kan høyre på andre festivalar og legge tilhøve best mogeleg til rette for magiske møte mellom musikarar og publikum. Alt om festivalen: www.fordefestival.no - www.myspace.com/fordefestival FAKTA Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990. Sidan den gong har over 4000 artistar frå heile verda stått på scena i Førde. Festivalen er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. I løpet av fire dagar blir det arrangert meir enn 80 programpunkt: Konsertar, kurs, gatekonsertar, opptog. I eit variert program blir det fokusert på den autentiske, ekte folkemusikktradisjonen, slik vi finn den i alle kulturar verda over. Kvart år har eit tema; ”Musikk langs Silkevegen”, ”Den keltiske familie”, ”Afrikanske røter”, ”Saludos del Caribe!”, ”Emotions Francaises”, ”Dialog” , ”World Voices”. I 2010 er temaet ”FRIDOM og undertrykking” Norsk og nordisk tradisjonsmusikk står også sentralt i programmet.

Abonner

Multimedia

Multimedia

Dokumenter og linker