Førdefestivalen selde 14000 billettar

Report this content

(ingressen hadde falle ut i forrige utsending!!!)

Med 14000 selde billettar på fire dagar, går den 22. Førdefestivalen over i historien som ein sukesss også økonomisk. – Heilt frå opningskonserten med over 1900 i salen, hadde vi den gode kjensla av at billettsalet var bra. Det vart rapportert om fulle hug og godt besøk på konsertane, og når tala no er klare, ser vi at billettsalet er på same nivå som i fjor, seier ei fornøgd Hilde Bjørkum. Ho meiner at 2011-utgåva av Førdefestivalen er den aller beste nokon gong, om vi ser på program, gjennomføring og publikumsoppslutning under eitt!

Snakkisen Liu Fang

-Førdefestivalen har som mål å få folk til å oppsøkje konsertar med musikarar dei knapt veit kven er, og vi syns vi har lukkast, når den store snakkisen etter opningskonserten er den kinesiske pipa-dronninga Liu Fang, seier Bjørkum. Konserten hennar i Haarkousalen var sjølvsagt smekkfull, og det var heilt sikkert mange som gjerne skulle vore der, men ikkje kom inn. Liu Fang spelte tårene fram hos publikum, og etter konserten var ho storleg imponert over måten ho vart teken imot på i Førde. Sjølv om Liu Fang bur i Kanada, måtte ho til Førde for å bli oppdaga av den største kanadiske avisa, Toronto Star. Journalist John Goddard sin første artikkel frå Førde vart nemleg den om Liu Fang, som ingen av oss gløymer med det første.

Suksess gjev utfordringar

Festivaldirektøren og resten av staben har brukt dei tre siste dagane til å oppsummere og rydde, men er snart klare for ein lengre vel fortent ferie. –Vi har jobba hardt og mykje alle saman, og før vi kan gå i gang med nye idear for alvor, er det viktig at vi får tømt hovudet, og lada opp skikkeleg. No skal vi suge på karamellen, nyte alle dei flotte minna vi har gjeve oss sjølve, artistar og publikum, og ikkje minst skal vi lese alt det som pressa i inn og utland skriv om oss, seier Bjørkum , og er fullt klar over at festivalen sin suksess i år, gjev store utfordringar for planlegginga av neste års internasjonale fest i førde. Men ho forsikrar at ho gledar seg til å ønskje folk velkomne til Førde igjen 5.-8. juli i 2012!

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ein av Norges knutepunktfestivalar og Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk.  Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert gjennom 80 ulike festivalarrangement til 25-30 000 besøkande kvart år.  Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse.  HKH Kronprinsesse Mette-Marit er festivalens høge beskyttar.  7.-10.. jui 2011 vert festivalen arrangert for 22. gong.  Programinformasjon og andre opplysningar på www.fordefestival.no

Tags:

Multimedia

Multimedia