Førdefestivalen slepper tema for 2012: Coexistence - Sameksistens

Report this content

NB! Denne pressemeldinga har sperrefrist for nett, radio og tv til torsdag 9. februar kl 0600 - og for trykte medier: torsdagsavisa 9. februar.

På den 23. Førdefestivalen, 5.-8. juli 2012, vil temaet vere «Coexistence – sameksistens». - Vi ynskjer å sette fokus på sameksistens mellom folk og kulturar. Sameksistens er både spennande og utfordrande, og det gjer oss rikare, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

 – Gjennom musikkuttrykk og tradisjonar, vil vi vise at menneske og kulturar til alle tider har påverka kvarandre; ingen sivilisasjon lever i vakuum, men er tvert om avhengig av samspel med omverda. Musikktradisjonar har oppstått som resultat av fredelege møte og sameksistens mellom menneske, av impulsar både frå eige miljø og utanfrå. Dette har skjedd til alle tider, og skjer også i dag; multikulturelle samfunn er ikkje noko nytt. Mange musikktradisjonar og musikkuttrykk er eit resultat av at ulike kulturar og folk møtest.


Temaartistane på Førdefestivalen kjem frå alle kontinent, og her er nokre av de

Yasmin Levy og den sefardiske musikken
Den sefardiske musikken har røter i Spania, som alt på 700-talet var eit fleirkulturelt samfunn der kristne, jødar og muslimar levde saman. -Yasmin Levy er ei av dei aller fremste eksponentane for denne musikken som har element både frå Midt-Austen, Nord-Afrika og Spania. Her vil du kjenne igjen flamenco og arabiske tradisjonar, fortel festivaldirektøren


Dei andre europearane
Eit anna døme på sameksistens, er supergruppa The Other Europeans. Her sameinar 14 verdsskjende musikarar frå sju land dei sterke klezmer- og sigøynarmusikktradisjonane i Aust-Europa. I tidlegare tider levde jødar og sigøynarar side om side i det som i dag er Moldova; før krig, jødeforfølging og immigrasjon skilde dei. I dag er The Other Europeans i ferd med å knyte nye kulturelle band mellom to folk som knapt har vore rekna som europearar, men som begge har spelt viktige roller når det gjeld å skape og føre vidare europeiske musikktradisjonar. Gruppa er leia av pianisten Alan Bern, og med seg har han musikarar med stjernestatus, som Kalman Balogh (cymbalom), Petar Ralchev (akkordeon), Adrian Receanu (klarinett), Csaba Novak (kontrabass), Adam Stinga (trompet) og Stas Rayko (fiolin).


Gresk blues
Rembetika blir gjerne kalla den greske bluesen, og kom med tyrkiske flyktningar til greske hamner etter første verdskrig. Rembetikaen slo ut i full blomst. Talet på greske er bortimot uendeleg, men gruppa som dei siste åra har sigla opp i toppskiktet heiter Apsilies, og kjem til Førde; med sin versjon av den opprinnelege rembetikaen.


Rytmisk blend frå Madagaskar
Frå Madagaskar kjem gruppa Damily, med sin tsapiky-musikk (uttalast «tsapik»), ein musikktradisjonen frå sørvest på Madagaskar som er ein miks av indonesiske, indiske og ein god del afrikanske innslag frå mellom anna Mosambik og Kongo. Musikken er energisk og glad, og i følgje Damily, som er sjølve kongen på tsapiky-gitar, representerer den ei sorglaus flukt frå den vanskelege kvardagen. Damily og hans band skal fylle dansegolvet på den populære laurdagskvelden på festivalen.

Ellika / Solo / Rafael
Eit fleirkulturelt samfunn fører til at menneske frå ulike kulturar møtest og nye relasjonar og ny musikk oppstår. Sidan 1998 har samspelet mellom svenske Ellika Frisell på fele og senegalesiske Solo Cissokho på kora vist korleis musikk frå to tradisjonar faktisk kan smelte saman og føre oss inn i nye musikalske landskap. No har dei møtt Rafael Sida, perkusjonisten frå Mexico, og han tilfører utrykket deira nye, spennande element frå meksikanske tradisjonsmusikk.



The Nordic Fiddlers' Bloc
Den norske tradisjonsmusikken har heller ikkje levd i vakuum, men har mellom anna vore påverka både frå musikktradisjonane i sentral-Europa, andre nordiske land og det keltiske kulturområdet i sør og vest. Trioen The Nordic Fiddlers’ Bloc har medlemmer frå Shetland, Sverige og Norge reflekterer nettopp dette. Olav Luksengård Mjelva, Anders Hall og Kevin Hendersen har alle tre fleire andre prosjekt, men det er ikkje tvil om at samspelet i The Nordic Fiddlers Bloc har treft ein nerve hos både musikarar og publikum. Debutplata som kom i september 2011, og gjekk rett inn på musikkmagasinet Songlines si Top of the World-CD-liste.


Brasilianske Renata Rosa
I heimlandet til Renata Rosa, har ulike folkegrupper levd side om side i århundrar. Musikktradisjonane i smeltedigelen Brasil i stor grad eit resultat av sameksistens mellom tradisjonar, og musikken til Renata Rosa har i seg både indianske, portugisiske og afrikanske element.

Norske toppnamn
Andre norske artistar som vert å finne på Førdefestivalen er Ragnhild Furebotten, som i januar henta ein Spellemann for plata Never on a Sunday. Furebotten er eit lite fyrverkeri i seg sjølv, og dei seks blåsarane ho har med, veit å setje farge på nordnorsk folkemusikk! Mjølkebonde og songar Aasmund Nordstoga «representerer» Telemark på festivalen i Førde. I bandet hans finn vi namn som Daniel Sandén-Warg, Åsmund Reistad og Sondre Meisfjord.

-------------------------------------------------

Førdekonferansen 2012: Inn med publikum, ut med fordomane!
På Førdekonferansen, som vert arrangert på torsdag 5. juli, set vi fokus på publikum si samansetjing. Er samansetjinga urokkeleg? Er det berre utdanning og økonomi som avgjer om publikum kjem? Når vi nye grupper når kulturkonsumet aukar? Kan vi bryte barrierar og ønske fleire velkomne på dei kulturelle arenaene? Mellom dei som deltek er Anne Enger, leiar av Kulturutreidninga 2012, som skal formulere viktige utfordringar kulturpolitikken står overfor i åra som kjem. Førdekonferansen vert arrangert i samarbeid med Norsk publikumsutvikling. -Fram til konferansen jaktar vi på dei gode historiene om publikumsutvikling. Har du eit forslag til case-presentasjon, vil festivalen gjerne høyre frå deg innan 1. mars.

----------------------------------------------

Medviten haldning til profil
For Førdefestivalen er det viktig å gje rom for dei mange stemmene som ikkje alltid så lett vinn fram i den kommersielle marknaden. - Vi skal vere eit alternativ til mainstreamkulturen og gje folk sjansen til å oppleve musikk og musikarar dei kanskje ikkje kjenner frå før, seier direktør Hilde Bjørkum. Kvalitet og variasjon er viktig når vi legg program og vel artistar, og alle avgjerder tek vi på grunnlag av fagkunnskap og medviten haldning til profil og mål.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ein av Norges knutepunktfestivalar og Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Årleg vert rundt 250 artistar frå heile verda presentert gjennom 80 ulike festivalarrangement. Festivalen samlar 25-30 000 besøkande kvart år HKH Kronprinsesse Mette-Marit er festivalens høge beskyttar. 5.-8. juli 2012 vert festivalen arrangert for 23. gong. Programinformasjon og andre opplysningar på www.fordefestival.no.

Festivalleiing og artistar er tilgjengelig for intervju og vi har ei rekke bilder til fri bruk for media.

FOR INTERVJU, BILETE og GENERELL INFORMASJON:

Hilde Bjørkum, Festivaldirektør, tlf: 90 91 99 33, e-post: hilde.bjorkum@fordefestival.no
Torill Faleide, Kommunikasjonssjef, tlf: 90 73 85 27, e-post: torill.faleide@fordefestival.no
Therese Asker, Kommunikasjosrådgiver, tlf: 91 19 72 16, e-post: therese@fordefestival.no / therese.asker@gmail.com

Tags:

Multimedia

Multimedia

Dokumenter og linker