Lær av rørleggarane!

Kan unge BI-utdanna leiarar hjelpe kulturinstitusjonar til å betre? Må kunstnarane bli flinkare til å ta seg betalt? Kor god er ein til å skrive søknader, og kva kan vi lære av andre i næringslivet? Dette var spørsmål som blei diskutert på Førdekonferansen, som kvart år blir arrangert i forkant av Førdefestivalen. 

-Førdefestivalen er eit døme til etterfølging, sa statssekretær Lubna Jaffery i Kulturdepartementet, som innleia konferanse. - I over 20 år har festivalen arrangert konsertar, kurs, utstillingar, turar og barneaktivitetar. I tillegg held festivalen budsjetta, framheva Jaffery. Ho er la vekt på at kunstnarleg kompetanse og kulturelt mangfald er viktig, ikkje minst for å rekruttere nytt publikum. Departementet vil også ansvarleggjere kulturinstitusjonane på god ressursbruk, styring og leiing er viktig . Med meir pengar blir det også fleire krav, sa Jaffery.

Nye unge kunstleiarar
Donatella di Paoli, førsteamanuensis ved BI, leier fagområdet “Kulturledelse” ved instituttet. –Tidlegare kunne ein operere smalt og vere innan eitt kunstfelt, no må kunstnarane jobbe med sal og publikum, søknadsarbeid, lobbying, sponsing, budsjett og ikkje minst media, inkludert sosiale medier. Motivasjon er det nok av blant kunstnarar og eldsjeler, og mange brenn seg ut. Di Paoli er positivt overraska over unge som i dag studerer Kulturledelse på BI; - Dei er ein ny type kunstleiarar som vi treng i dag, fordi dei handlar og tenkjer på nye måtar, og er i tillegg fagleg flinke.

2000 eldsjel-søknader
Musikar Synnøve S.Bjørseth frå Jølster er musikkfagleg utdanna, men var opptatt av at ein ny generasjon musikarar treng kompetanse på det å vere sjølvstendig næringsdrivande. Det er ein lang og smertefull veg å gå, og du lærer ikkje noko om det på musikkhøgskulen, sa Bjørseth. Sparebanken Vest er stor sponsor innan kultur og idrett, og mottek kvart år i underkant av 2000 søknader frå eldsjeler som jobbar hardt for det dei trur på. Kommunikasjonsdirektør Siren Sundland framheva at kulturfeltet ikkje har det så mykje verre enn andre næringar, og må leve med konkurranse om pengar. – Vi er opptekne av at ein må dele på sin kompetanse, slik som Førdefestivalen generøst gjer.

- Det er pinleg kunstnarar i rike Norge tener så dårleg, sa høgskulelektor og konsulent Eli-Grete Høyvik. Ho samanlikna med kva ein rørleggar tek for timen, pluss køyring og materiell. – Det blir ei bra rekning!

Etter konferansen gjorde deltakarane seg klare for opninga av det største fleirkulturelle musikkarangement i Norge, den 22.Førdefestivalen.

Om oss

Verda kjem til Førde! Førdefestivalen er ein smeltedigel for musikk og kultur frå heile verda. I 21 år har internasjonale folkemusikktradisjonar stått i sentrum for det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. Målet er å tilby artistar publikum ikkje kan høyre på andre festivalar og legge tilhøve best mogeleg til rette for magiske møte mellom musikarar og publikum. Alt om festivalen: www.fordefestival.no - www.myspace.com/fordefestival FAKTA Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990. Sidan den gong har over 4000 artistar frå heile verda stått på scena i Førde. Festivalen er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. I løpet av fire dagar blir det arrangert meir enn 80 programpunkt: Konsertar, kurs, gatekonsertar, opptog. I eit variert program blir det fokusert på den autentiske, ekte folkemusikktradisjonen, slik vi finn den i alle kulturar verda over. Kvart år har eit tema; ”Musikk langs Silkevegen”, ”Den keltiske familie”, ”Afrikanske røter”, ”Saludos del Caribe!”, ”Emotions Francaises”, ”Dialog” , ”World Voices”. I 2010 er temaet ”FRIDOM og undertrykking” Norsk og nordisk tradisjonsmusikk står også sentralt i programmet.

Abonner