Musikarpris til Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad er tildelt “Musikarprisen 2011” frå Sparebanken Vest. Prisen er etablert i samarbeid med Førdefestivalen. Moldestad var konfransier på opningskonserten til den 22.Førdefestival , men visst ikkje at ho skulle få prisen.

Songaren og felespelaren Sigrid Moldestad har tidlegare vunne fleire høgthengande prisar, mellom anna to Spellemannsprisar, og ho blei i 2010 tildelt Folkelarmprisen som Årets folkemusiker. -Sigrid er ein usedvanleg musikar og komponist, og ein svært dyktig formidlar, seier Siren Sundland, kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Vest. Det var Sundland som overrekte Moldestad prisen. – Ei anna årsak til at Moldestad får prisen på 25.000 kroner er at ho minner oss om viktige historier som vi ikkje veit at vi har gløymt. Eg tenkjer spesielt på hennar innsats for å få vist fram det kvinnlege spelemenn representerer, seier Sundland.

Moldestad er frå Breim i Sogn og Fjordane og utdanna ved Ole Bull Akademiet.

Om oss

Verda kjem til Førde! Førdefestivalen er ein smeltedigel for musikk og kultur frå heile verda. I 21 år har internasjonale folkemusikktradisjonar stått i sentrum for det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. Målet er å tilby artistar publikum ikkje kan høyre på andre festivalar og legge tilhøve best mogeleg til rette for magiske møte mellom musikarar og publikum. Alt om festivalen: www.fordefestival.no - www.myspace.com/fordefestival FAKTA Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990. Sidan den gong har over 4000 artistar frå heile verda stått på scena i Førde. Festivalen er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i landet. I løpet av fire dagar blir det arrangert meir enn 80 programpunkt: Konsertar, kurs, gatekonsertar, opptog. I eit variert program blir det fokusert på den autentiske, ekte folkemusikktradisjonen, slik vi finn den i alle kulturar verda over. Kvart år har eit tema; ”Musikk langs Silkevegen”, ”Den keltiske familie”, ”Afrikanske røter”, ”Saludos del Caribe!”, ”Emotions Francaises”, ”Dialog” , ”World Voices”. I 2010 er temaet ”FRIDOM og undertrykking” Norsk og nordisk tradisjonsmusikk står også sentralt i programmet.

Abonner