Priv til red: Overrekking av rapport for fleire kvinnelege tilsette til Forsvaret.

Nr.: 13/2007
Dato: 10. april 2007
Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen nedsette i desember 2006 eit utval som skulle sjå på tiltak for å få fleire kvinnelege tilsette i Forsvaret. Denne gruppa vart leia av oberst Britt Brestrup og skulle sjå på både tiltak for rekruttering, for å behalde fleire av kvinnene og for å få fleire kvinner i høgare stillingar.

Utvalet har sluttført sitt arbeid og vil overrekke forsvarsministeren utvalets rapport på hennes kontor i Forsvarets Leiingsbygg, Glacisgate 1, onsdag 11. april kl 10.

Utvalets leiar, oberst Britt Brestrup, vil stå for overrekkinga.
Media inviterast til å være tilstede. Det vil bli høve til intervju med både forsvarsministeren og oberst Brestrup umiddelbart etterpå.


Kontaktperson:
Heidi Langvik-Hansen
Major/informasjonsrådgivar FD
Tlf 992 08 645 e-post: hklh@fd.dep.no

Om oss

Forsvarsdepartementet er et regjeringskontor med ansvar for utforming og iverksetting av norsk sikkerhets- og forsvarspolitikk. Departementet er ansvarlig for overordnet styring og kontroll av underlagte etaters virksomhet. Som en del av den utøvende statsmakt fører Forsvarsdepartementet tilsyn med etatenes virksomhet.

Abonner