ST.PRP. NR 54 - OM INVESTERINGAR I FORSVARET

Nr.: 11/2004 Dato: 23.04.04 St.prp. nr 54 - om investeringar i Forsvaret (23.04.04) Regjeringa la i dag fram ein proposisjon om investeringar i Forsvaret (St.prp. nr. 54 2003-2004). Investeringane i proposisjonen gjeld Taktisk Data Link 16 og Nytt sjømålsmissil. Regjeringa informerer også om status for dei nye fregattane og prosjekt panser-nedkjemping. Proposisjonen er et supplement til budsjettproposisjonen for 2004. I proposisjonen ber regjeringa om godkjenning av materiellprosjektet Taktisk Data Link 16 (LINK-16), som vart omtala i budjsettproposisjonen. Bakgrunnen er at Forsvaret er i ferd med å innrette seg mot å bli eit nettverksbasert forsvar på line med våre næraste allierte i NATO. For å sikre interoperabilitet - at systema kan "snakke med kvarandre" - er det naudsynt å skaffe seg LINK-16 til overføring av eit felles situasjonsbilete mellom Forsvaret sine taktiske avdelingar, og mellom nasjonale og allierte avdelingar. Eit felles situasjonsbilete vil føre til ein raskare avgjerdsprosess, der avgjerdene er baserte på ei felles forståing av den aktuelle situasjonen Regjeringa ber i proposisjonen om fullmakt til å inngå kontraktar i samband med utviklinga av Nytt sjømålsmissil (NSM). Dette er kontraktar som i ein overgangsfase er nødvendige for å oppfylle dei forpliktingane Forsvaret har i samband med fregattprosjektet. NSM er eit utviklingsprosjekt som vart etablert på midten av 1990-talet. Det er Kongsberg Defence & Aerospace som står for utviklinga. Ferdigstillinga har vorte utsett fleire gonger, og den gjeldande planen inneber ferdigstilling i slutten av 2005. Proposisjonen informerer i tillegg om status for risikobiletet for fregatt-prosjektet, som er det største og mest komplekse materiellkjøpet i Forsvaret nokonsinne. Regjeringa orienterer i proposisjonen om det arbeidet som blir gjort, mellom anna ved eksterne analysar, for å sikra seg eit så godt bilete av risikoen som råd er. Når det gjeld prosjektet som innan 2007 skal skaffe Forsvaret eit pansernedkjempingsvåpen, informerer regjeringa i proposisjonen om at kostnadene for prosjektet er nedjusterte. Les proposisjonen her: St.prp. nr. 54 (2003-2004) ------------------------------------------------------------ Ytterligere informasjon kan hentes på følgende hjemmeside: http://www.waymaker.no Nedenstående filer kan lastes ned: http://www.waymaker.net/bitonline/2004/04/23/20040423BIT00380/wkr0001.doc http://www.waymaker.net/bitonline/2004/04/23/20040423BIT00380/wkr0002.pdf

Om oss

Forsvarsdepartementet er et regjeringskontor med ansvar for utforming og iverksetting av norsk sikkerhets- og forsvarspolitikk. Departementet er ansvarlig for overordnet styring og kontroll av underlagte etaters virksomhet. Som en del av den utøvende statsmakt fører Forsvarsdepartementet tilsyn med etatenes virksomhet.

Abonner

Dokumenter og linker