Ny nasjonal kartlegging av born og unge sitt aktivitetsnivå ; - Norske 15- åringar lite aktive

Born og unge bør være fysisk aktive minst 60 minutt kvar dag. No viser ei ny kartlegging at det er stor skilnad i kor aktive norske 9- og 15-åringar er. Over 90 % av 9-årige gutar og 75% av 9-årige jenter er aktive. Samtidig viser kartlegginga at aktivitetsnivået går drastisk ned når ein kjemi tenåra. Berre halvparten av 15-åringane har eit aktivitetsnivå i tråd med anbefalingane.

15-åringane langt mindre aktive
Aktivitetsnivået til ein norsk 15-åring er nemleg 43 prosent mindre enn for ein 9-åring.
Ei forklaring kan vere at mange sluttar med idrett og andre aktivitetar i denne alderen, og at andre ting lokkar meir.
- Det er positiv at så mange av 9-åringane oppfyller anbefalinga om ein time aktivitet kvar dag. Samstundes er det urovekkande at dei som er seks år eldre er så mykje i ro. Kartlegginga vil gi norske helsemyndigheiter betre kunnskap om aktivitetsnivået i befolkninga og gjøre oss i stand til betre å følgje utviklinga over tid. Det vil også betre moglegheitene til å sette inn tiltak der det er størst behov og har størst effekt, sier avdelingsdirektør i Helsedirektoratet Henriette Øien.

Skilnader mellom kjønna
I kartlegginga kjem det også fram skilnader mellom kjønna. i begge aldersgruppene er gutane mest aktive. Størst utslag ser ein blant 9åringane, der 91 prosent av gutane er i aktivitet minst 60 minuttar kvar dag, medan same tal for jentene er 75 prosent. Hjå 15-åringane er dette nokolunde jamt fordelt, 54 prosent av gutane og 50 prosent av jentene er aktive nok.

Slappar av i helga
I helgene kan det tyde på at datamaskin, TV og senga lokkar meir enn å vere i aktivitet ute.
Kartlegginga syner nemleg at aktivitetsnivået er mykje mindre i helga. Frå lunsj og utover i helgene har begge aldersgrupper eit lågare aktivitetsnivå enn når dei er på skulen.
- Det er også viktig at det er enkelt å drive fysisk aktivitet, og at det er eit aktivitetstilbod til born og unge der dei er. Samstundes er det viktig at forldre oppmuntre til aktivitet i helgene, seier Øien.

Skulen viktig arena
Fysisk aktivitet i skulen, og eit nærmiljø som oppmodar til fysisk aktivitet, er god medisin for få born og unge opp av stolen.
Betre og meir kroppsøving i skulen i tillegg til godt tilrettelagte skulegardar og nærmiljø har god effekt i forhold til å få born og unge i aktivitet. Dette viser ei ny kunnskapsoppsummering Helsedirektoratet har bestilt.
Les meir om dette og last ned dei to nye rapportane på http://www.shdir.no/fysiskaktivitet

Kontaktperson:
Margrete Halvorsen mob. 480 82 722

Om oss

Helsedirektoratet er eit fagdirektorat og myndigheitsorgan som ligg under Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Det blir etatsstyrt frå Helse- og omsorgsdepartementet. Samfunnsoppdraget til Helsedirektoratet er: Helsedirektoratet skal styrkje den sosiale tryggleiken og helsa til heile befolkninga gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltningsnivå. Direktoratet skal gjere dette med utgangspunkt i rolla som fagorgan, regelverksforvaltar og iverksetjar på helsepolitiske område. Helsedirektoratet er eit fagorgan både på folkehelse- og levekårsområdet og på helsetenesteområdet. Dette inneber å: Ha ansvar for å følgje med på forhold som påverkar folkehelse og levekår og å følgje med på utviklinga i helsetenestene. På dette grunnlaget skal direktoratet gi råd og rettleiing om strategiar og tiltak overfor sentrale myndigheiter, regionale og lokale myndigheiter, helseføretaka, frivillige organisasjonar, privat sektor og befolkninga. Samanstille kunnskap og erfaringar i faglege spørsmål og opptre nasjonalt normerande på utvalde område. Vere ein kompetanseorganisasjon som myndigheiter, ulike sektorar, tenesteapparatet, interesseorganisasjonar, fag- og utviklingsmiljø og medium kan kontakte. Direktoratet har ei rekkje sentrale forvaltningsoppgåver, mellom anna myndigheit til å bruke og tolke lover og regelverk innanfor sosial- og helsesektoren. Helsedirektoratet skal sikre at vedteken politikk blir iverksett på helseområdet. Målet er at politikken skal realiserast i tråd med dei føringane som departementet gir i det årlege tildelingsbrevet og i andre styringsdokument. Helsedirektoratet skal bidra aktivt i internasjonalt arbeid på sosial- og helseområdet. Arbeidet for direktoratet sin visjon om Sosial tryggleik og god helse for heile befolkninga krev at ein ser utover landegrensene og ser sosial tryggleik og helse i eit globalt perspektiv.

Abonner