Rettleiing om avverjingsplikt i lov om forbod mot kjønnslemlesting til høyring

Rettleiing om avverjingsplikt i lov om forbod mot kjønnslemlesting til høyring Sosial- og helsedirektoratet har sendt ut forslag til rettleiing om avverjingsplikt i lov om forbod mot kjønnslemlesting til høyring. Ot.prp.nr.21(2003-2004) om endringar i lov om forbod mot kjønnslemlesting vart vedteke i Stortinget i mars 2004. Den nye lovføresegna om avverjingsplikt (§ 2) gjeld for yrkesutøvarar og tilsette i barnehagar, barnevernet, helse- og sosialteneste, skoler, skolefritidsordningar og trossamfunn. Lovføresegna skal tre i kraft frå 1.september 2004. Departementet har gitt Sosial- og helsedirektoratet i oppdrag å utarbeide rettleiingsmateriell som skal klargjere korleis den enkelte yrkesutøvar kan handle for å oppfylle avverjingsplikta. Sosial- og helsedirektoratet har sendt ut forslag til rettleiing på høyring med frist 6. august. Lenke til høyringsnotatet finn ein på www.shdir.no ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no

Om oss

Helsedirektoratet er eit fagdirektorat og myndigheitsorgan som ligg under Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Det blir etatsstyrt frå Helse- og omsorgsdepartementet. Samfunnsoppdraget til Helsedirektoratet er: Helsedirektoratet skal styrkje den sosiale tryggleiken og helsa til heile befolkninga gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltningsnivå. Direktoratet skal gjere dette med utgangspunkt i rolla som fagorgan, regelverksforvaltar og iverksetjar på helsepolitiske område. Helsedirektoratet er eit fagorgan både på folkehelse- og levekårsområdet og på helsetenesteområdet. Dette inneber å: Ha ansvar for å følgje med på forhold som påverkar folkehelse og levekår og å følgje med på utviklinga i helsetenestene. På dette grunnlaget skal direktoratet gi råd og rettleiing om strategiar og tiltak overfor sentrale myndigheiter, regionale og lokale myndigheiter, helseføretaka, frivillige organisasjonar, privat sektor og befolkninga. Samanstille kunnskap og erfaringar i faglege spørsmål og opptre nasjonalt normerande på utvalde område. Vere ein kompetanseorganisasjon som myndigheiter, ulike sektorar, tenesteapparatet, interesseorganisasjonar, fag- og utviklingsmiljø og medium kan kontakte. Direktoratet har ei rekkje sentrale forvaltningsoppgåver, mellom anna myndigheit til å bruke og tolke lover og regelverk innanfor sosial- og helsesektoren. Helsedirektoratet skal sikre at vedteken politikk blir iverksett på helseområdet. Målet er at politikken skal realiserast i tråd med dei føringane som departementet gir i det årlege tildelingsbrevet og i andre styringsdokument. Helsedirektoratet skal bidra aktivt i internasjonalt arbeid på sosial- og helseområdet. Arbeidet for direktoratet sin visjon om Sosial tryggleik og god helse for heile befolkninga krev at ein ser utover landegrensene og ser sosial tryggleik og helse i eit globalt perspektiv.

Abonner