Stimuleringstilskot for personer som har omfattande funksjonsvikt fordelt til kommunane

Stimuleringstilskot for personer som har omfattande funksjonsvikt fordelt til kommunane Sosial- og helsedirektoratet har fordelt det statlige stimuleringstilskotet til kommunane for å ta i bruk ordninga med brukarstyrt personleg assistanse for personar med omfattande funksjonsvikt. 211 kommunar får tilskot til 730 brukarar i 2004. -Ulike undersøkingar har vist at ordninga med brukarstyrt personleg assistanse fører til større sjølvkjensle, auka likestilling og høgare livskvalitet for brukarane. Stimuleringstilskotet er meint som eit virkemiddel til å få i gang ordninga for fleire brukarar, seier avdelingsdirektør Øystein Olsen i Avdeling for kommunale tenester i Sosial- og helsedirektoratet. I 2004 får kommunane stimuleringstilskot til 274 nye brukarar. Brukarstyrt personleg assistanse er ein alternativ organisering av ulik praktisk og personleg bistand for personar med omfattande funksjonssvikt, og som kan ivareta funksjonen som arbeidsleiar. Brukarstyrt personleg assistanse er heimla i sosialtenesteloven som ein ordning kommunane plikter å ha. Stimuleringstilskotet går til kommunane og er på til saman 48,95 millionar kroner mot 47,3 millionar i 2003. Tilskotet går til dekning av utgifter til opplæring av arbeidsleiar og assistent(ar), til utlysing, prosedyrar for tilsetting og oppfølging. Tilskotet dekker ikkje kommunanes utgifter til brukarstyrt personleg assistanse, men skal stimulere til at nye brukarar får denne organiseringa av tenestetilbodet. Tilskotet for 2004 er fordelt på 730 brukarar i 211 kommunar (+ 14 bydelar i Oslo). Av desse var 274 nye brukarar, mot 230 i 2003. Den aldersvise fordeling er 6 personar under 18 år, 124 frå 18 - 30 år, 152 frå 31 - 40 år, 174 frå 41 - 50 år, 230 frå 51 - 67 år og 44 frå 68 år og eldre. ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no

Om oss

Helsedirektoratet er eit fagdirektorat og myndigheitsorgan som ligg under Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Det blir etatsstyrt frå Helse- og omsorgsdepartementet. Samfunnsoppdraget til Helsedirektoratet er: Helsedirektoratet skal styrkje den sosiale tryggleiken og helsa til heile befolkninga gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltningsnivå. Direktoratet skal gjere dette med utgangspunkt i rolla som fagorgan, regelverksforvaltar og iverksetjar på helsepolitiske område. Helsedirektoratet er eit fagorgan både på folkehelse- og levekårsområdet og på helsetenesteområdet. Dette inneber å: Ha ansvar for å følgje med på forhold som påverkar folkehelse og levekår og å følgje med på utviklinga i helsetenestene. På dette grunnlaget skal direktoratet gi råd og rettleiing om strategiar og tiltak overfor sentrale myndigheiter, regionale og lokale myndigheiter, helseføretaka, frivillige organisasjonar, privat sektor og befolkninga. Samanstille kunnskap og erfaringar i faglege spørsmål og opptre nasjonalt normerande på utvalde område. Vere ein kompetanseorganisasjon som myndigheiter, ulike sektorar, tenesteapparatet, interesseorganisasjonar, fag- og utviklingsmiljø og medium kan kontakte. Direktoratet har ei rekkje sentrale forvaltningsoppgåver, mellom anna myndigheit til å bruke og tolke lover og regelverk innanfor sosial- og helsesektoren. Helsedirektoratet skal sikre at vedteken politikk blir iverksett på helseområdet. Målet er at politikken skal realiserast i tråd med dei føringane som departementet gir i det årlege tildelingsbrevet og i andre styringsdokument. Helsedirektoratet skal bidra aktivt i internasjonalt arbeid på sosial- og helseområdet. Arbeidet for direktoratet sin visjon om Sosial tryggleik og god helse for heile befolkninga krev at ein ser utover landegrensene og ser sosial tryggleik og helse i eit globalt perspektiv.

Abonner