Vinnarane av Matpakkeveka 2004

Ingrid Espelid Hovig har no kåra vinnarane for Matpakkeveka 2004. 1100 klassar frå 420 skuler var med i konkurransen.

Konkurransen gjekk ut på å vere best i å ha sunne og trivelege skulemåltid og vere fysisk aktive. Det er kåra ein vinnarklasse i ungdomstrinnet og ein i barnetrinnet i kvart fylke. Vinnarane får kr 2000,- kvar. Sosial- og helsedirektoratet sin ambassadør Ingrid Espelid Hovig er engasjert i å sikre god og sunn mat for skulebarna. –Det vert stadig viktigare å legge til rette for eit godt kosthald. I dag er det mykje usunn mat lett tilgjengeleg for barna. Dei skulane som tek skulemåltidet og skulematen på alvor hjelper barna med å få gode vanar, seier Hovig. Vatn som tystedrikk –I år har vi vore ekstra oppmerksame på å fremje vatn som tystedrikk, seiar Arnhild Haga Rimestad, avdelingsdirektør for Avdeling for ernæring. Spesielt barn på ungdomstrinnet har eit alt for høgt inntak av sukker i forhold til anbefalingane. Om vi kan påverke barn til å redusera inntaket sukkerhaldig brus vil vi hjelpe mange barn til å førebyggja utvikling av sjukdomar som heng saman med levevanar, til dømes diabetes 2 og hjerte- og karssjukdomar Matpakkeveka er ei landsomfattande aksjonsveke der alle grunnskulane i landet vert invitert til å arrangere trivelige og sunne skulemåltider samt å legge forholda til rette for fysisk aktivitet for elevane utover hausten. Vinnarane vart kåra blant dei klassane som la vekt på tilsyn med dei minste, tilstrekkeleg tid til måltidet, mattilbod med frukt og mjølk og fysisk aktivitet. Nær 10 000 klasser frå 1200 skuler tinga materiell og det har vore høg aktivitet ute i skulane i heile haust. Mange har prøvd ut kantineordningar og frukt og grønt tilbod i aksjonsperioden og frivillige organisasjonar har stilt med mat og hjelp til å laga i stand trivelege fellesmåltid. Les meir på: www.matpakkeuka.no Pressekontakt: Trond Borge Ottersen 958 40 758 VEDLAGT: Vinnarane i kvart fylke

Om oss

Helsedirektoratet er eit fagdirektorat og myndigheitsorgan som ligg under Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Det blir etatsstyrt frå Helse- og omsorgsdepartementet. Samfunnsoppdraget til Helsedirektoratet er: Helsedirektoratet skal styrkje den sosiale tryggleiken og helsa til heile befolkninga gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltningsnivå. Direktoratet skal gjere dette med utgangspunkt i rolla som fagorgan, regelverksforvaltar og iverksetjar på helsepolitiske område. Helsedirektoratet er eit fagorgan både på folkehelse- og levekårsområdet og på helsetenesteområdet. Dette inneber å: Ha ansvar for å følgje med på forhold som påverkar folkehelse og levekår og å følgje med på utviklinga i helsetenestene. På dette grunnlaget skal direktoratet gi råd og rettleiing om strategiar og tiltak overfor sentrale myndigheiter, regionale og lokale myndigheiter, helseføretaka, frivillige organisasjonar, privat sektor og befolkninga. Samanstille kunnskap og erfaringar i faglege spørsmål og opptre nasjonalt normerande på utvalde område. Vere ein kompetanseorganisasjon som myndigheiter, ulike sektorar, tenesteapparatet, interesseorganisasjonar, fag- og utviklingsmiljø og medium kan kontakte. Direktoratet har ei rekkje sentrale forvaltningsoppgåver, mellom anna myndigheit til å bruke og tolke lover og regelverk innanfor sosial- og helsesektoren. Helsedirektoratet skal sikre at vedteken politikk blir iverksett på helseområdet. Målet er at politikken skal realiserast i tråd med dei føringane som departementet gir i det årlege tildelingsbrevet og i andre styringsdokument. Helsedirektoratet skal bidra aktivt i internasjonalt arbeid på sosial- og helseområdet. Arbeidet for direktoratet sin visjon om Sosial tryggleik og god helse for heile befolkninga krev at ein ser utover landegrensene og ser sosial tryggleik og helse i eit globalt perspektiv.

Abonner

Multimedia

Multimedia

Dokumenter og linker