Godt tilbod til landbruket frå Innovasjon Norge

Godt tilbod til landbruket frå Innovasjon Norge Ei ny ordning med risikolån til landbruks­formål gjer det lettare å finansiere gode prosjekt knytta til både primærproduksjon og nye næringar. - Dette inneber at det kan takast større risiko enn det som er mogleg for kommersielle låneordningar. For landbruksformål er ordninga særleg aktuell for samdriftsfjøs og anna næringsutvikling der pantegrunnlaget er anstrengt eller der ein ynskjer å behalde moglegheit for utvikling av enkeltbruka gjennom fortsatt "ledig" pant, fortel Kjell Bruvoll direktør i Innovasjon Norge. For Innovasjon Norge betyr dette ein låneportefølgje der det vert foretatt avsetningar til tapsfond for å møte framtidige kalkulerte tap. Del av bygdeutviklingsmidlane Ordninga med risikolån til landbruksformål vart vedtatt i jordbruks­forhandlingane i 2005, og byggjer på ordningar Innovasjon Norge har for anna næringsliv. Pr januar 2006 har desse låna ei effekitiv rente på ca. 4,9%, og kvart lån kan utgjere inntil 5 millionar kroner. Innlån skjer gjennom dei ordinære ordningane til Innovasjon Norge, medan avsetningane til tapsfond skjer frå dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane. Kompletter finansieringstilbodet til Innovasjon Norge Innovasjon Norge har med dette eit komplett finansieringstilbod til landbruket. Til investeringsformål kan ein no tilby følgjande finansieringspakke: · Investeringstilskott · Rentestøtte for lån til investeringsformål · Lågrisikolån med svært konkurransedyktige vilkår · Risikolån for toppfinasiering - Vidare kan innovasjon Norge tilby etablererstipend og tilskott til bedriftsutvikling for etablering og vidareutvkling av alternativ næringsutvikling, samt tilskott til generasjons­skifte både for primærproduksjon og andre landbrukstilknytta næringar, seier Kjell Bruvoll. Målretta ordningar Ordningane til Innovasjon Norge skal bidra til å oppfylle nasjonale og fylkesvise strategiar for landbrukstilknytta næringsutvikling. Det inneber mellom anna at finansiering frå Innovasjon Norge ikkje er rettigheitsbasert, og vilkåra elles vil variere noko frå fylke til fylke. For nærare opplysningar og vurdering av moglegheit for finansiering frå Innovasjon Norge kan ein vende seg til fylkeskontoret til Innovasjon Norge, landbruksforvaltninga i kommunen eller på http://www.innovasjonnorge.no Direktør Kjell Bruvoll, Innovasjon Norge Tlf 22 00 26 33 – kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no

Kontakter

  • Innovasjon Norge
    Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo
    +47 22 00 25 00
    + 47 22 00 28 52

Abonner