Reiselivsnæringa må kjenne si besøkelsestid!

Den tyske TV-kanalen ARD er no i Kalvåg for å spille inn fleire TV-filmar med norsk natur som hovudelement. Direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge seier filmane har stor marknadsverdi og kan gje store ringverknader for reiselivet i fylket. No utfordrar han næringa til å utnytte moglegheitene dette gir.

Dei to tyske spillefilmane ”Kjærlighet ved fjorden”, som skal visast i Tyskland i 2010, er det største filmprosjektet Innovasjon Norge sitt Tysklandkontor har jobba med nokon sinne. I samarbeid med Western Norway Film Commission og Fjord Norge tilretteleggast alt best mogleg for TV kanalen ARD, produsenten og det tyske presseteamet. Innovasjon Norge direktør i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland utfordrar no det lokale næringslivet til å komme på banen. - No må reiselivsnæringa kjenne sin besøkelsestid. Dette er ein unik moglegheit til å fronte spektakulære naturopplevingar i Tyskland, som er vår viktigaste utanlandsmarknad. Filminnspillinga som visast til neste år representerar ein stor verdi for reiselivet i fylke. Men, næringa må bli mykje betre på tilrettelegging av heilskaplege opplevingar som må vere lett tilgjengelege i marknaden, seier Halvor Flatland. Reiselivsnæringa langs kysten består av mange små aktørar. Direktøren meiner auka samarbeid mellom overnattingsbedriftene, aktivitetsselskapa og transportselskapa vil gje grunnlag for meir heilskaplege og marknadstilpassa opplevingar. Og han byr også på hjelp til bedriftene: Innovasjon Norge har kompetansen og tilbyr kurs i både pakking, sal og distribusjon, godt vertskap og meir langsiktig reisemålsutvikling. I tillegg jobbar Innovasjon Noreg i Tyskland med storstilte marknadskampanjer som vil gå når filmane går på tysk TV. I samarbeid med Fjord Norge vert lokale aktørar invitert til å delta i felles marknadstiltak i Tyskland i 2010. - Alle aktørane i reiselivsnæringa bør ha interesse av dette. Vi kan ikkje la ein slik muligheit gå i frå oss, seier Halvor Flatland. I 2008 var det 526 000 ferie- og fritidsankomster frå Tyskland til Noreg. Det er ein nedgang på 3 prosent i forhold til 2007. Direktør for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland meiner nedgangen er nok ein grunn til at reiselivsnæringa bør gjere noko nå. Kontakt: Direktør Halvor Flatland, telefon direkte:+47 57 65 19 60 Mobil:+47 95 78 14 93 e-post: halvor.flatland@innovasjonnorge.no Pressearrangement i Kalvåg denne veka, kontakt: Tina Fraune, Innovasjon Norge i Hamburg: +49 40 22 9 4150 / Mobil: +49 162 85 95 234 E-post: tina.fraune@innovationnorway.no

Kontakter

  • Innovasjon Norge
    Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo
    +47 22 00 25 00
    + 47 22 00 28 52

Abonner