Reisemålsutvikling – unikt kurs i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har reisemål på UNESCO si verdsarvliste. - Det forpliktar, seier reiselivsrådgjevar Åsne Folstad i Innovasjon Noreg. - Derfor sett Innovasjon Noreg no i gang kurs i utvikling av reisemål saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Å utvikle heilskaplege reisemål til stadig meir krevjande turistar er eit eige fagfelt og krev kompetanse. Sogn og Fjordane har reisemål på verdsarvlista, og Fjordane på Vestlandet har blitt kåra til verdas beste reisemål av National Geographic. Det gir oss store moglegheiter samstundes som det sett krav for vidare utvikling. Derfor er det nye kurset retta mot destinasjonsselskap, kommuneplanleggjarar og sentrale næringsaktørar innan reiselivet.
- Kurset i reisemålsutvikling er ein pilot i Noreg. Vi vil dra stor nytte av det lokale kompetansemiljøet i Sogndal, med høgskulen, Vestlandsforsking og det nyetablerte Geoturismesenteret, seier Folstad. - Målet er betre og meir lønsame reisemål i fylket.

Målretta satsing
Fagansvarleg ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Ståle Brandshaug, fortel at kurset startar i november 2008 med fire to-dagars samlingar fram til mars 2009. Det skal sette deltakarane betre i stand til å gjennomføre målretta satsingar for meir attraktive destinasjonar. Prosessverktøy, marknadsorientering med produktkonsept og produktutvikling, stadsmarknadsføring, samspel med offentleg planlegging, og partnarskap er eksempel på tema under samlingane. Deltakarane skal jobbe med eigne destinasjonar og utarbeide ei forstudie for sitt eige reisemål.
Kurset er lenka opp i mot satsinga Innovativ Fjordturisme, som jobbar med produktutvikling innan tema- og rundreiser og stadsutvikling i dei fire fjordfylka. – I Sogn og Fjordane er Balestrand og Fjordkysten valt som pilotar i prosjektet stadsutvikling. Me vonar kurset vil vere til god hjelp for dei som skal delta i prosjekta, seier prosjektansvarleg for Innovativ Fjordturisme, Kaia Finne.

Bred erfaring
Den nye nasjonale reiselivsstrategien har som mål å fremje utvikling av heilskaplege og gode opplevingar i reiselivet med betre utvikling av dei ulike områda. Utvikling av reisemål er òg eit prioritert område for Innovasjon Noreg. - Me håpar formidling av erfaring frå andre destinasjonar, frå reiselivsbedrifter og kommunar, kombinert med praktiske verkty, vil kunne bidra til å auke verdiskapinga for reiselivet i fylket, seier reiselivsrådgjevar i Innovasjon Noreg, Åsne Folstad. - Innovasjon Noreg har over fleire år samla verdifull erfaring gjennom prosessar med reisemål til dømes på Geilo, i Lofoten og på Vega, avsluttar Folstad.

Kontaktpersonar:
Åsne Folstad, rådgjevar reiseliv i Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane. Tlf. 92 45 58 52.
Ståle Brandshaug, høgskulelektor Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tlf. 90 96 11 79.

Kontakter

  • Innovasjon Norge
    Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo
    +47 22 00 25 00
    + 47 22 00 28 52

Abonner

Multimedia

Multimedia