Tidleg busetjing gir varig busetjing. Innlegg av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen

Landbruks- og matdepartementet har sendt på høyring forslag til ei rekkje lovendringar i odelslova, konsesjonslova og jordlova. Høyringsfristen er 5. mai 2008.

Eg foreslår å skjerpe bu- og driveplikta, samstundes som reglane skal bli enklare og klårare. Fleire vil bli pålagt buplikt. Det blir varig driveplikt for alle.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det bur folk på ca. 80% av landbrukseigedomane. Dette er mitt utgangspunkt. Det fortel oss at dagens politikk fungerer, og det fortel også at det er eit potensial for at det kan kome folk på fleire eigedomar enn i dag slik at dei kan bli utnytta betre.

Omsynet til busetjing, til kulturlandskap, til det å ta vare på ressursene i eit langsiktig perspektiv tilseier at landbrukseigedomar med bustadhus bør koplast til dei som ønskjer å bu der, som ønskjer å drive næring, som ønskjer å skape noko knytt til garden og bygda.

Fungerer slik det er meint
Ei fersk gransking frå Østlandsforskning konkluderer med at dei fleste som tek over ein landbrukseigedom bestemmer seg tidleg for om dei ønskjer å velje eigedomen som bustad eller ikkje. Tidleg busetjing gir med andre ord varig busetjing. Difor foreslår eg å endre regelverket slik at folk må bestemme seg raskt om dei vil busetje seg eller om dei heller vil selje garden.

Større investeringar
Samstundes viser Østlandsforskning si gransking at investeringane som blir gjort på ein gard med fast busetjing er mykje større enn på gardar utan fast busetjing. Dei som bur, legg naturleg nok meir ressursar i eigedomen, og enda viktigare; Dei gjer meir for å utvikle eigedomen vidare.

Ungdom og næringsutvikling
Eg vil difor leggje til rette for at folk bur og driv næring i bygde-Norge. I eit land med så stor materiell velstand som vi har, vil liberalisering fort føre til at attraktive landbrukseigedomar blir kjøpt opp til fritidsbustader. Det betyr at folk med mykje ressursar konkurrerer med ungdom med lite ressursar om tilgang til landbrukseigedomar som anten kan bli en fritidsbustad eller eit næringsutviklingsprosjekt. Det er ingen grunn til å sleppe hyttemarknaden inn i landbruksmarknaden.

Forvalteransvar
Buplikt handlar ikkje om å tvinge nokon. Det er heilt friviljug å selje ein gard. Det er heilt friviljug å kjøpe ein gard. I dag er det mange fleir som ønskjer å kjøpe enn dei som vil selje. Eigedomsrett gir ikkje berre rettar, det gir også eit forvalteransvar. Vi må kunne forvente at den som eig eit gardsbruk, og dermed ønskjer å vere del av den norske landbrukspolitikken, også leverer noko attende i form av matproduksjon, kulturlandskap og levande bygder.

Klårare regler
Det er i dag usikkert om det hefter bu- og driveplikt ved 1/3 av landbrukseigedomane. Den same uvissa gjeld vurderinga av om eigedomen er odelseigedom eller ikkje. Dei forslaga eg har lagt fram gjer det lettare å ta stilling til om eigedomen er odlingsjord og om det er buplikt på den.

Eg foreslår også at det blir ei felles grense for kva for eigedomar det kan bli hevda odel på og når det skal oppstå buplikt, og at også grensa for konsesjonsfridom blir samordna i høve til dette. Den konkrete vurderinga av om eigedomen ”kan nyttast til landbruksdrift” blir erstatta med reine produktive areal. For å få dette til foreslår eg å heve arealgrensene noko, samstundes som omgrepa blir endra. Dei siste forslaga fører til at det blir færre konsesjonssaker i framtida, og at uvissa omkring bu- og driveplikt og odlingsjord blir borte.

Lokal tilpassing av praksis
Eg foreslår at alle som kjøper og som ikkje vil eller kan busetje seg på landbrukseigedomen dei tek over, må søke konsesjon. I konsesjonsvurderinga kan det bli tatt konkret stilling til om dei skal få konsesjon med eller uten krav om å busetje seg der. Dette gjer det mogleg med lokal tilpassing av praksis, ei tilpassing som reelt kan medverke til å styrke busetjinga i sårbare utkantkommunar.

Driveplikt
Eg foreslår vidare at driveplikta skal vere knytt til areal som høver til å produsere mat på, og at plikta skal vere varig. Dette meiner eg er viktig i ei verd der matvarelagra blir mindre.

Meir målretta og enklare
Samla sett har eg stor tru på at forslaga vil gjere reglane meir målretta, tydelegare og enklare, og det vil bli betre samanheng mellom reglane. I tillegg vil reglane føre til færre fritak. Reglane vil dermed – som eitt verkemiddel blant fleire i landbruks- og distriktspolitikken – bli ein betre reiskap for å nå lokale busetjingsmål. Dei vil kunne medverke til at attraktive buplassar ikkje blir omgjort til fritidsbruk, og dei vil kunne sikre drift av dyrka mark.







Abonner

Dokumenter og linker