– Vil gi meir til oppdrettskommunar

– Det er på tide at kommunane med lakseoppdrett skal få meir igjen for den viktige jobben dei gjer med leggje til rette for næringa, seier fiskeriminister Per Sandberg. Regjeringa legg no fram forslag til eit havbruksfond som fordeler inntektene frå laksekonsesjonar.

Stortinget har bestemt at 80 prosent av vederlaget frå framtidige kapasitetsløyvingar til lakse- og aureoppdrett skal gå til kommunane og fylkeskommunane, fordelt gjennom eit havbruksfond. Staten sin del på 20 prosent blir halden utanfor fondet. 

I regjeringa sitt forslag får kommunane 70 prosent av totalt vederlag, mens fylkeskommunane får 10 prosent. Produksjonskapasitet på lokalitetane blir brukt som fordelingsnøkkel mellom kommunane og mellom fylkeskommunane. Delen til kommunane blir delt inn i to. Mesteparten blir fordelt likt mellom kommunar med oppdrettsverksemd. Ein mindre del blir fordelt mellom kommunar som har klarert nye lakseoppdrettslokaliteter siste toårsperiode, med ei øvre grense på 5 millionar kroner til ein enkeltkommune.

 – Det er viktig at kommunane som har lagt til rette for oppdrett i årevis skal få igjen noko for den viktige jobben dei har gjort. Samtidig er det nødvendig å lønne kommunane som set av nye areal til oppdrett, for at oppdrettsnæringa skal kunne oppnå veksten vi treng i åra framover. Det er også rimeleg at fylkeskommunane får ein del. Eg meiner at forslaget vårt balanserer desse omsyna på ein god måte, seier fiskeriministeren.

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her .

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner