-         Vil leggje til rette for bedrifter i tidleg vekst

Nærings- og handelsminister Trond Giske møtte tysdag 6. mars ei rekkje næringslivsaktørar i Trondheim. Høvet var rådslag om bedrifter i tidlegfase og finansiering som eit ledd i arbeidet med den komande stortingsmeldinga om Innovasjon Norge og SIVA.

Regjeringa har som mål at meldinga skal leggje til rette for eit enklare verkemiddelapparat. Det må vere tilpassa det framtidige behovet til det norske næringslivet. Evalueringar, innspel og innspelskonferansar lik rådslaget 6. mars gir godt grunnlag for dette arbeidet.

-         Framtidig velferd og verdiskaping er avhengig av at det blir etablert nye innovative bedrifter. Vi må sjå på korleis ulike verkemiddel kan spele på lag for å medverke til dette, seier Giske.

Rådslaget i Trondheim retta merksemda særleg mot tidlegfasebedrifter og utfordringane desse møter med å finne finansiering til utvikling og vekst.

-         Mange bedrifter slit med å finne finansiering i det dei skal ta neste skritt etter sjølve etableringsfasen. Regjeringa er oppteken av korleis verkemiddelapparatet kan innrettast for avhjelpe dette. Nye såkornfond vil vere ein del av løysinga, samleies må vi sjå på korleis andre verkemiddel kan innrettast betre, seier Giske.

Blant innleiarane var advokat Harald Ellefsen, i Steenstrup Stordrange, professor Roger Sørheim ved NTNU og Handelshøgskolen i Bodø, administrerande direktør Geir Ove Kjesbu i Investinor og administrerande direktør Harald Kjelstad i SIVA. Desse tok opp tema som blant anna regionale forvaltningsmiljø, smartare offentleg kapital, såkornfond og kva som er effektive inkubatorar for utvikling av nye bedrifter.

-         Regjeringa er oppteken av at fleire nyskapende bedrifter skal lykkes kommersielt. Dette vil bli behandla i den komande stortingsmeldinga om Innovasjon Noreg og SIVA. Ein del av svaret vil vere å opprette nye såkornfond. Samtidig vil ikkje dette passe alle bedrifter. Derfor forvaltar både Innovasjon Norge, SIVA og Forskningsrådet ei rekkje verkemiddel som støttar opp om innovative oppstartsbedrifter på andre måtar, seier Giske.

 

 

 

 

Pressekontakt:

Anne Cecilie Lund, kommunikasjonssjef i Nærings- og handelsdepartementet, 996 21 213, acl@nhd.dep.no.

Pressevakten i Nærings- og handelsdepartementet, tlf 902 51 303, nhdinfo@nhd.dep.no.

 

Tags:

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker