170 millionar til marin forsking

- Forsking og utvikling er ein føresetnad for berekraftig vekst i dei marine næringane. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvingane til marin forsking og infrastruktur med nærmare 170 millionar kroner i statsbudsjettet for 2016. Dette vil leggje til rette for å realisere potensialet som ligg i dei marine næringane, medverke til omstilling og styrkje den norske konkurransekrafta, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Satsinga følgjer opp Masterplan for marin forsking. Prioriterte område i satsinga er ressurs- og havbruksforsking, forskingsinfrastruktur, forsking retta mot sjømatindustri og teknologi, samt forsking med sikte på å utvikle nye marine næringar.

- Regjeringa har styrkt løyvingane til marin forsking kvart år sidan vi overtok. Med dette budsjettforslaget forsterkar vi innsatsen ytterlegare, og legg til rette for ein berekraftig vekst for havnasjonen Noreg, seier Aspaker.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til vedlikehald og opprusting av dei marine forskingsfartøya med 100 millionar kroner i 2016. Forslaget er ein del av regjeringa sin eittårige tiltakspakke for auka sysselsetjing, og skal gi ordrar til verftsindustrien og betre utnytting av forskingsfartya.

47,5 millionar kroner av auken er ein følgje av høgre sats og provenyauke frå fiskeriforskingsavgifta, og skal brukast til å styrkje ressursforskinga. Avgiftsauken medverkar til at næringa i større grad er med på å finansiere kunnskapen som er nødvendig for å auke verdiskapinga.

Satsinga på marin forsking:

  • 15 millionar kroner til Noregs forskingsråd for å styrkje forsking innan sjømatindustri, teknologi og nye marine næringar
  • 5 millionar kroner til Havforskingsinstituttet til betre kunnskap om havbruk
  • 2 millionar kroner til Veterinærinstituttets innsats innan fiskehelse
  • 100 millionar kroner frå tiltakspakka for auka sysselsetjing til Havforskingsinstituttet til vedlikehald og opprusting av forskingsfartøya
  • 47,5 millionar kroner i auka inntekter frå fiskeriforskingsavgifta til å styrkje ressursforskinga

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Multimedia

Multimedia