5 millioner til atomavfall

I revidert nasjonalbudsjett 2016 gir regjeringa 5 millionar kroner ekstra til vidare handtering av brukt brensel frå dei norske atomreaktorane.

– Vi jobbar nå for å få på plass forsvarlege planar for framtidig nedbygging av reaktorane, handtering av brenselet og ny oppbevaringsløysing for det nukleære avfallet. Regjeringa ynsker framdrift i dette arbeidet, seier næringsminister Monica Mæland.

 Regjeringa følgjer opp kvalitetssikringsrapportane dei fekk 15. april i år. Rapportane handlar blant anna om handteringa av det ustabile brenselet. Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner til dette over revidert nasjonalbudsjett for 2016.

 –Dette er ei viktig sak, som vi må prioritere, seier Mæland. 

 Rapporten slår fast at undersøkingar av det ustabile brenselet må starte snarast. Førebuing til ei slik behandling må starte før sommaren 2016.

  Les meir om rapportane her: " Rapportar om norske atomanlegg" https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/rapporter-om-norske-atomanlegg/id2483888/

Rapportane reknar med at det totalt vil koste 14,5 milliardar kroner å rydde opp etter atomreaktorane på Kjeller og i Halden.

Kostnadene fordeler seg slik:

  • Riving av reaktorane og tilbakeføring av områda rundt reaktoranlegga til fri bruk: 1,8 milliardar kroner.
  • Stabilisering/reprosessering av brukt brensel: 2,6 milliardar kroner.
  • Endeleg djupdeponering av brenselet: 9,8 milliardar kroner.

Kostnadene vil bli fordelte over fleire tiår. Gjennomføringa vil krevje omfattande planlegging  på førehand.

Fakta om forskingsreaktorane

  • Institutt for energiteknikk (IFE) eig og driv Noregs to forskingsreaktorar, Haldenreaktoren i Halden og JEEP II på Kjeller. Reaktorane blei sette i drift i 1959 og 1967.
  • Verksemda har generert 17 tonn brukt brensel. Av dette er 12 tonn vurdert som ikkje lagringsbestandig (ustabilt). Det må behandlast før det kan deponerast.
  • IFE har ansvar for sikker drift og forsvarleg oppbevaring av avfall. Reaktorane blir drivne etter konsesjon frå regjeringa. Statens strålevern er tilsynsstyresmakt.
  • Reaktorane er ifølgje tilsynsrapportar frå Statens strålevern i god stand.  I prinsippet kan dei likevel bli stengde av når som helst, av økonomiske årsaker eller andre samfunnsmessige omsyn.

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her .

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner