Andre innspelmøte om melding til Stortinget om havbruksnæringa

Report this content

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker inviterer til det andre innspelmøte om ny melding til Stortinget om korleis vi skal få til føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst i havbruksnæringa. Møtet skal haldast i Bergen. 

Tid: 2. september kl. 10.00-14.00.
Stad: Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrresgate 49 - Bergen

Hovudmålet med meldinga er å drøfte korleis Noreg  kan auke verdiskapinga ved å fremme ein ny og føreseieleg politikk for kapasitetsvekst.

Møtet er ope og alle som er opptatt av dei framtidige rammevilkåra til havbruksnæringa er velkomne til å dele tankar og idear og drøfte politikk med fiskeriministeren.

Program:

Møteleiar: Prorektor Anne Lise Fimreite ved Universitetet i Bergen  

1000      Velkommen ved prorektor Anne Lise Fimreite ved UIB    
1005      Innleiing ved fiskeriminister Elisabeth Aspaker  
1015      Arealutvalets forslag til handlingsreglar, ved leiaren i arealutvalet Peter Gullestad
1035      Den økonomiske verdien av føreseieleg vekst, ved professor Frank Asche, UIS  
1055      Pause  
1110      Havbruksnæringa sine synspunkt, ved Norske Sjømatbedrifters Landsforening  
1130      Kva er berekraft, ved Bellona
1150      Lett servering  
1215      Innspel frå salen og debatt  
1300      Pause  
1305      Innspel frå salen og debatt  
1400      Slutt   

Meld deg på her

Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgjevar Halvard Wensel, mobil 971 80 784, e-post hw@nfd.dep.no

eller pressevakt: 902 51 303 (ikke SMS), e-post
media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.