Enklare å få lån for vekstbedrifter

Report this content

Regjeringa vil gjere det enklare for nystarta vekstbedrifter å få lån.

- Vi vil legge betre til rette for at nye og innovative bedrifter kan få finansiering, slik at dei kan vekse, skape arbeidsplassar og bidra til verdiskaping, seier næringsminister Monica Mæland.

Små og mellomstore bedrifter kan få innovasjonslån frå Innovasjon Noreg. Regjeringa foreslår nå å auke Innovasjon Noregs ramme for innovasjonslån med 300 millionar kroner. Det betyr at Innovasjon Noreg kan låne ut meir pengar til bedrifter.

Forslag inneber at Innovasjon Noreg årleg kan låne ut 1,2 milliardar kroner til innovative vekstbedrifter og nystarta bedrifter.

Regjeringa vil også gjere det enklare for bedrifter å få lån i private bankar. Ho foreslår derfor å doble Innovasjon Noreg si ramme for garantiar, frå 40 millionar kroner til 80 millionar kroner.

Regjeringa sitt forslag er ei følge av to avtaler mellom Innovasjon Noreg og Det europeiske investeringsfondet. 

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), 
media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.