Foreslår differensiert marknadsavgift for sjømat

Sjømatrådet gjer ein viktig jobb for ei av Noregs fremste eksportnæringar. Næringa er tent med ein koordinert innsats innan beredskap, marknadsinformasjon og fellesmarknadsføring, men vi må sikre at omfanget av aktivitetane til Sjømatrådet er tilpassa behova i næringa, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Nærings- og fiskeridepartementet sender på høyring forslag om endringar i marknadsavgifta for sektorane laks, aure og pelagisk fisk. Høyringsnotatet følgjer opp evalueringa av Sjømatrådet som vart gjennomført i 2014. Evalueringa peikte på at ein bør gå gjennom marknadsføringsarbeidet og finansieringsmodellen i lys av endringar i både bransjar og marknader.

- I takt med eksportveksten har inntektene til Sjømatrådet auka betydeleg. Samtidig ser vi ei utvikling der det for deler av næringa er behov for å dreie noko av den felles marknadsføringa over på merkevarebygging. Eg vil samtidig understreke at Sjømatrådet sitt arbeid innan beredskap og marknadsinformasjon skal oppretthaldast, seier Aspaker.

Verksemda til Sjømatrådet blir finansiert fullt ut av næringa gjennom avgifter som er fastsette i medhald av fiskeeksportlova. Departementet foreslår å vidareføre den avgiftsfinansierte modellen, men at modellen blir differensiert:

  • Torskefisk, reker og skaldyr blir vidareført med 0,75 prosent
  • Laks, aure og pelagisk fisk blir sett ned til 0,4 eller 0,5 prosent
  • Vidareforedla produkt (tolltariffens posisjon 16.04) blir fritatt for avgift

Endringane i marknadsavgift blir tilrådd gjennomført med verknad frå 1. januar 2016. Ei slik endring vil føre til at budsjettet til Sjømatrådet kjem på nivå med det budsjettet dei hadde i åra 2009- 2010.

- Eg er opptatt av at Sjømatrådet skal ha legitimitet for arbeidet blant sjømatbedriftene, og eg vil difor lytte til dei innspela vi får gjennom høyringa, seier Aspaker.

Styreval

I høyringsnotatet foreslår Nærings- og fiskeridepartementet å fjerne føresegna der berre namngitte organisasjonar har rett til å melde inn styrerepresentantar, og i staden gi alle høve til å spele inn forslag til styrekandidatar.

- Dette vil gjere styrevalprosessen meir i tråd med dei prinsippa for god eigarstyring som er nedfelt i siste eigarskapsmeldinga.  Styret i Sjømatrådet skal vere representativt for fiskeri- og havbruksnæringa og styrerepresentantane skal veljast med bakgrunn i kompetansen sin og ikkje med utgangspunkt i kva for organisasjon dei representerer, avsluttar fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Høyringsfrist er 8. april 2015.

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her .

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker