Giske leiar norsk delegasjon til Moskva

Nærings- og handelsminister Trond Giske leiar i dag den norske delegasjonen til det 15. møtet i norsk-russisk økonomisk kommisjon i Moskva.

Den russiske delegasjonen til møtet leies av Russlands fyrste visestatsminister Viktor Zubkov. Dei to møtes hyppig, i 2011 diskuterte dei næringsamarbeidet mellom Noreg og Russland ved heile tre anledningar, sist i november da dei saman opna et norsk-russisk næringslivsforum.

- Samarbeidet i norsk-russisk økonomisk kommisjon har høg prioritet i begge landa. Det er vår viktigaste arena for å ta opp fleire bilaterale saker langt utover dei rent økonomiske sakene, seier Giske.

Russland er ein viktig handelspartnar for Noreg, og forhandlingane om ei handelsavtale mellom EFTA og Russland og dei to andre landa i tollunionen visar god progresjon etter fire forhandlingsrundar. Auka marknadsåtgang og stabile rammevilkår utover det som følgjer av WTO-avtalen er hovudmål for forhandlingane. For den bilaterale forhandlingsprosessen er det difor sært gledelig at Russland blir medlem av WTO i 2012.

- Denne gongen gler vi oss særs over å kunne gratulere Russland med vedtaket før jul om WTO-tiltreding, seier Giske. Eg har stor tru på at medlemskapen i WTO og, på litt lenger sikt, en handelsavtale med EFTA-landa vil være avgjerande for eit enda tettare økonomisk samarbeid mellom våre to land.

Nærings- og handelsdepartementet leier arbeidet med regjeringas strategi for nærings­samarbeidet med Russland som venteleg skal lanserast før sumaren 2012. Strategien ser på korleis handelen med Russland kan aukast og gjerast meir mangfaldig, og korleis større fokus på teknologisamarbeid kan bidra til å nå disse måla.

 

Fakta:

  • Norsk-russisk regjeringskommisjon for økonomisk, industrielt og forskings- og teknologisamarbeid leies av nærings- og handelsminister Trond Giske frå norsk side og fyrste visestatsminister Viktor Zubkov frå russisk side. Kommisjonen kjem saman årleg. 2012 markerar 15. gong dette høgnivåmøtet har vorte arrangert i vekselvis Noreg og Russland.
  • Samhandelen mellom Noreg og Russland var i 2011 på nesten 18 mrd kroner, omtrent som året før. Russland var i 2011 vår største enkeltmarknad for fisk og sjømat.
  • Regjeringa arbeider nå med en nasjonal strategi for næringssamarbeidet med Russland.

 

Pressekontakt:

Anne Cecilie Lund, kommunikasjonssjef i Nærings- og handelsdepartementet, 996 21 213

Pressevakten i Nærings- og handelsdepartementet, tlf 902 51 303

 

Tags:

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker