Høyring - fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak

Report this content

Nærings- og fiskeridepartementet har avgjort å sende Noreg Fiskarlag sitt forslag om regulering av fisket etter reker i Skagerrak og Nordsjøen på høyring. Hovudsaka i forslaget er å lukke dette fisket for fartøy under 11 meter.

I dag er fisket berre lukka for fartøy på eller over 11 meter. Departementet vil gjere ei ny vurdering av saka etter høyringsrunden.

-   Dette er ei sak med mange ulike synspunkt. Eg meiner derfor det er viktig å få opplyst saka best mogeleg. Ei open høyring kan bidrege til det, seier statssekretær Ronny Berg.

Høyringsfrist er 28. april 2017.

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms),

media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.

Dokumenter og linker