Legg fleire sjømatmillionar på bordet

Fiskeriminister Per Sandberg gir 2 millionar kroner ekstra til prosjekt som skal gi barn gode opplevingar med sjømat.

Regjeringa har i 2017 sett av til saman 10 millionar til prosjekt og tiltak som skal gi barn og unge gode opplevingar med sjømat. Men i år har det kome så mange gode søknader om tilskot til sjømatprosjekt at potten blir auka.

- I år har eg fått ein rekordstor tilstrøyming av søknader. Denne regjeringa tek barn på alvor, så no legg vi ytterligare 2 millionar kroner på bordet, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Norge har dei siste ti åra hatt eit stabilt høgt inntak av sjømat, fram til 2016 då det gjekk tilbake med 7 prosent. Inntaket av sjømat blant dei under 34 år har gått mest tilbake.

-  Dette er ei utvikling vi må ta på alvor. Noreg er ein stor fiskerinasjon og vi burde være verdsmestrar i å lage og ete fisk. Meir kunnskap om sjømat kan gje barn og unge fleire gode matopplevingar, og gjere det lettare å velje fisk oftare. Å gje barn og unge eit godt kosthald er ein av dei viktigaste investeringane vi kan gjere for kommande generasjonar, seier fiskeriministeren.

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), 
media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her .

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner