Ny frihandelsavtale med Filippinane

Report this content

Frihandelsavtalen vil gi norske bedrifter betre tilgang til ein marknad med nær 100 millionar innbyggarar.

- Frihandelsavtalen mellom EFTA-landa og Filippinane er eit viktig skritt på vegen for å gi norske bedrifter betre tilgang til dei asiatiske marknadene, seier næringsminister Monica Mæland.

Noreg og dei andre EFTA-landa signerte avtalen med Filippinane i Bern i Sveits i dag.

- Gjennom EFTA forhandlar Noreg med fleire viktige marknader i Asia. Eg håpar og trur at denne avtalen vil bidra til framgang i forhandlingane med Indonesia, Vietnam og Malaysia, som alle er viktige eksportmarknader for Noreg, seier Mæland.

Filippinane har om lag hundre millionar innbyggarar, og er ein økonomi som veks.

Den nye frihandelsavtalen inneber at mesteparten av norsk eksport av varer til Filippinane vil sleppe toll. Avtalen vil gi tollfri tilgang til marknaden for all eksisterande norsk fiskeeksport til landet. Han vil og opne Filippinane som marknad for frosen makrell.

Noregs eksport av varer til Filippinane har hatt ein jamn vekst dei siste ti åra. Noreg eksporterte varer til Filippinene for 679 millionar kroner i 2015, i all hovudsak kunstgjødsel (40 prosent), maskiner (30 prosent) og fisk (15 prosent). Importen av varer frå Filippinene var same år på 504 millionar kroner, for det meste maskiner og klede/tekstilar.  

Les meir om frihandelsavtalar her.

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.

Dokumenter og linker