Ny lov om næringsberedskap

Regjeringa foreslår ein ny lov om næringsberedskap for Stortinget. Ho skal sikre tilgongen til varer og tenester ved kriser, og bygger på eit nært samarbeid mellom myndigheitene og næringslivet.

Den nye lova kjem i staden for forsyningslova av 1956. Ho var ein av berebjelkane for det sivile beredskapsarbeidet under den kalde krigen.

-             No har nærings- og samfunnsutviklinga ført til at det er naudsynt med nye løysingar for å være førebudd på moglege kriser med følgjer for tilgongen til varer og tenester. Lova legg til rette for ein beredskap som er meir tilpassa vår tid, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Den nye lova

-           legg klarare vekt på samarbeid med næringslivet

-           nyttar den eksisterande organiseringa og infrastrukturen

-           kan nyttast i eit breitt spekter av kriser

-           omfattar både beredskapsførebuingar og gjennomføring av tiltak

-           opnar i stor grad for ein verkemiddelbruk tilpasset situasjonen

-             Vi har god erfaring med både frivillig og lovfastsett samarbeid med næringslivet under kriser. Seinast under pandemiførebuingane i fjor hadde vi eit tett samarbeid med mellom andre matvaredistributørane. Den nye lova vil gjere rammevilkåra for næringsdrivande meir oversiktlege i slike situasjonar, seier Giske.

 

 

Pressekontakt:

Anne Cecilie Lund, kommunikasjonsrådgiver i Nærings- og handelsdepartementet, 996 21 213

Pressevakten i Nærings- og handelsdepartementet, tlf 902 51 303

Tags:

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker