Presseinvitasjon: Eigarskapskonferansen 2014

Næringsminister Monica Mæland inviterer til Eigarskapskonferansen 2014 tysdag 10. juni på Grand Hotel i Oslo. Temaet for konferansen er «Eigarmangfald og verdiskaping» og korleis legge til rette for privat eigarskap.

I tillegg til næringsminister Monica Mæland (H) innleier mellom anna Erik Thedéen, statssekretær i det svenske Finansdepartementet, og tidlegare administrerande direktør på børsen i Stockholm (NASDAQ OMX). Andre innleiarar er næringslivsleiarane Grethe Viksaas, Stein Erik Hagen og Helge Møgster. Dei har alle utvikla selskap til å bli blant dei største innanfor sine bransjar. Statens eigarmelding 2013 blir presentert av ekspedisjonssjef Mette I. Wikborg.

Kva: Eigarskapskonferansen 2014
Kvar: Grand Hotel i Oslo
Når: Tysdag 10. juni frå klokka 11:30 til klokka 15:30.
Påmelding: Pressa er velkommen, men må registrere seg på førehand til media@nfd.dep.no innan klokka 08:00 same dag.

Program:

11:30-12:30 Registrering og lett lunsj

12:30-12:45 Næringsminister Monica Mæland (H)

12:45-13:00 Ekspedisjonssjef Mette I. Wikborg, Eigarskapsavdelinga i Nærings- og fiskeridepartementet

13:00-13:15 Statssekretær Erik Thedéen i det svenske Finansdepartementet

13:15-13:30 Administrerande direktør Grethe Viksaas i Basefarm AS

13:30-13:40 Musikalsk innslag, Guro Kleven Hagen

13:40-14:15 Pause

14:15-14:30 Stein Erik Hagen, eigar og styremedlem i Canica AS

14:30-14:45 Helge Møgster, eigar og styreleiar i Laco AS

14:45-15:30 Paneldebatt med innleiarane – spørsmål og diskusjon

Konferansier er Bente Engesland, kommunikasjonsdirektør i Statkraft AS.

Konferansen kan følgjast direkte på nett-tv her . Deltakarane på konferansen er mellom anna styreleiarar, konsernsjefar og andre sentrale personar i norsk næringsliv og eigarmiljø.

Det kan bli endringar i programmet.

Pressekontakt:
Kommunikasjonssjef Trond Viken, mobil 992 18 303, e-post
tvi@nfd.dep.no
eller pressevakta: 902 51 303 (ikkje SMS), e-post media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og presseinvitasjoner fra NFD her.

Tags:

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker