Presseinvitasjon: Endra tidspunkt – utgreiingar om norsk atomavfall

Næringsminister Monica Mæland tar fredag 30. januar imot to utgreiingar om handtering av norsk atomavfall. Næringsministeren blei forhindra frå opphavleg framlegging i dag. Møtet er difor utsett til 30. januar klokka 14:00.

I samband med overrekkinga vil DNV GL presentere hovudkonklusjonane i utgreiingane. Presentasjonen er open for presse.

Den første utgreiinga vurderer løysingar for handtering og oppbevaring av brukt kjernebrensel og anna radioaktivt avfall frå norsk nukleær verksemd.

Den andre utgreiinga vurderer metode for framtidig nedbygging og avvikling av dei norske atomanlegga, medrekna val av oppryddingsnivå i Halden og på Kjeller.

Konseptvalutgreiingane (KVU) er utarbeidde av  DNV GL  med samarbeidspartnarane  Studsvik Nuclear AB Quintessa Ltd .,  Westinghouse Electric Sweden AB  og  Samfunns- og Næringslivsforskning AS (SNF) . Utgreiingsarbeidet starta i september 2013.

Kvar: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongens gate 8, Oslo.
Når: Fredag 30. januar, klokka 14:00.

Ta med pressekort. 

Les meir om Nærings- og fiskeridepartementet sitt arbeid med nukleære saker  her .

Lurer du på kor mykje radioaktivt avfall vi har i Noreg, kvar det kjem frå og kvar det blir lagra i dag? Les ofte stilte spørsmål  her .

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her .

Tags:

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker