Presseinvitasjon: Lanserer reiselivsmeldinga

Næringsminister Monica Mæland presenterer regjeringa si reiselivsmelding i Tromsø fredag 17. mars.

- Det skjer utruleg mykje bra i reiselivet om dagen. Vi har flott natur, ein rik kultur og fantastiske byar som mange kjem for å oppleve. Nå legg vi fram planen vår for korleis vi kan trygge og skape jobbar i reiselivet, seier næringsminister Monica Mæland. 

Fredag 17. mars legg regjeringa fram reiselivsmeldinga. Det er 17 år sidan førre stortingsmelding om reiseliv.

- Reiselivsnæringa er blant dei næringane som veks raskast i verda i dag. Regjeringa ønsker å løfte Noreg som reisemål, seier Mæland.

Dei siste åra har reiselivet hatt ei positiv utvikling. 2016 var eit rekordår for næringa. Sjølv om reiselivet har fått god hjelp frå kronekursen, meiner Mæland det òg er andre grunnar til veksten.

- Vi ser stadig fleire eksempel på at reiselivet leverer gode produkt. Samstundes veit vi at berekraft, forenkling og samordning vil vere viktige tema i tida framover. Dette ser vi nærmare på i meldinga, seier Mæland.

Om lag 160 000 jobbar i reiselivsnæringa. Næringa sto for omkring fire prosent av verdiskapinga, og åtte prosent av sysselsettinga i norsk næringsliv i 2015, ifølge tal frå SSB og Menon Economics.

-Reiselivsnæringa er ei viktig næring, som skaper mange arbeidsplassar, seier Mæland.

Kva:  Regjeringa legg fram stortingsmeldinga om reiseliv.

Når:  Fredag 17. mars klokka 11:00.

Kor:  Fjellstua, Tromsø.

Forhåndsregistrering (kun presse):  media@nfd.dep.no

NB: Møt opp i god tid.

Fakta om reiseliv

  • Reiseliv står for om lag fire prosent av verdiskapingen i norsk næringsliv.
  • Omkring 160 000 personar jobbar i reiselivsnæringa.
  • Næringa har fem hovedbransjar: Opplevingar, servering, overnatting, transport og formidling.
  • 2016 var eit rekordår for næringa: Utanlandske overnattinger gjekk opp ti prosent. For norske turister var veksten to prosent.

Bilete av Mæland og reiseliv finn du her:  https://www.flickr.com/photos/nfdep/albums/72157678147097285

Pressekontakt:
Pressevakta i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikkje sms),

media@nfd.dep.no

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker