Presseinvitasjon: Mæland til India

Report this content

Næringsminister Monica Mæland besøkjer New Delhi 17.-18. april for å delta på toppmøte for næringsliv i Noreg og Asia.

Norsk næringsliv i Asia samlast kvart år til konferansen Norway-Asia Business Summit som i år blir halden i Indias hovudstad New Delhi 16.-18. april.

 India er ein stor og viktig marknad med stort potensial. Vi ynskjer eit tettare økonomisk samarbeid med India. Difor er eg oppteken av å bli ferdig med forhandlingane om ein avtale om frihandel med India så raskt som mogeleg, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Næringsministeren opnar konferansen fredag 17. april saman med indiske styresmakter.

Mæland skal òg møte både finansministeren og handels- og industriministeren i India. Høgt på dagsorden står bodskapen om at Noreg ynskjer fortgang i forhandlingane om ein frihandelsavtale mellom EFTA og India. Det har ikkje vore forhandlingar etter at den nye indiske regjeringa kom på plass i fjor sommar.

 Indiske styresmakter ynskjer òg meir næringssamarbeid med Noreg. Eg ser fram til å besøkje India og til å møte den nye indiske regjeringa for å styrkje samarbeidet med eit av verdas viktigaste land, seier Mæland.

Opninga og avslutninga av konferansen er open for pressa. Journalistar må registrere seg på førehand.

Presse må ta raskt kontakt for praktisk informasjon om visum og konferansen.

Økonomiske fakta

  • Varehandelen mellom Noreg og India har steget med 70 prosent sidan 2005. Den er likevel relativt beskjeden og beløp seg i 2014 til om lag 4,5 milliardar kroner.
  • Av det er norsk eksport frå fastlandet på 1,5 milliardar kroner. I 2014 steg norsk fastlandseksport til India med 2 prosent, etter nedgang året før.
  • Noregs viktigaste eksportvare til India er aluminium, mens vi importerer mykje kler og tekstilar tilbake. Kler utgjer om lag en fjerdedel av Noregs import frå India.
  • Teneste blir ein stadig viktigare del av vår samhandel med India. Tenester er Indias viktigaste eksportvare generelt. Innanfor IT, bioteknologi og telekommunikasjonstjeneste blir dei stadig viktigare leverandørar globalt.
  • Om lag 130 norske bedrifter er aktive i den indiske marknaden innanfor ein rekke sektorar, blant anna energi, maritim verksemd, IKT, landbruk og bioteknologi.
  • Større norske selskap som er inne i India: Telenor, Aker, Bergen Group, DNB, Jotun, Kongsberg, Odfjell og Yara.
  • Direkte investeringar og porteføljeinvesteringar frå Noreg til India er aukande. Det same gjelder kor mange norske bedrifter et er i India.

Pressekontakt:
Kommunikasjonssjef Trond Viken (med på reisa), mobil 992 18 303, e-post
tvi@nfd.dep.no 

Abonner på pressemeldingar og presseinvitasjonar frå NFD her.

Tags:

Dokumenter og linker