Ser fram mot 2020

Nærings- og handelsminister Trond Giske legg onsdag 13. februar fram publikasjonen ”Norge 2020, Hva skal vi leve av i framtida”? Lanseringa skjer i samband med det avsluttande møtet i statsråden sitt Noreg 2020-prosjekt.

-          Vi må utvikle eit sterkt og konkurransedyktig norsk næringsliv heile tida. Vi kan ikkje leve av å vere “det rikaste landet i verda”. Sjølv om raske endringar gjer det vanskeleg å svare på spørsmålet om kva vi skal leve av i framtida, er det heilt nødvendig å få flest mogeleg med i debatten om svaret, sa næringsminister Trond Giske.

Statsråden tok på byrjinga av 2010 initiativ til Prosjekt Noreg 2020. To arbeidsgrupper blei etablert, ei med yngre leiarar frå næringslivet og ei med yngre tillitsvalde. Dei har delt erfaringar om trendar og utviklingstrekk som påverkar norsk verdiskaping framover. Statsråden tek innspela med seg i sitt vidare arbeid med saka i regjeringa.

Ser framover

På det avsluttande møtet er deltakarane frå begge grupper samla for å presentere publikasjonen. Han er meint å hjelpe til med å reise ein debatt om kva Noreg kan leve av i framtida. Medlemene har ulik bakgrunn, er frå ulike bransjar og bedrifter og frå alle landsdelar. Tema som har vore diskutert er mellom annan innovasjon, internasjonalisering, teknologi, miljø og den norske modellen.

-          Medlemene har sjølv styrt arbeidet i gruppene. Saman har vi prøvd å løfte blikket og drøfte dei lange linene i økonomi og næringsliv. Målet har vore å utveksle kunnskap og erfaringar og å sette dei overordna spørsmåla på dagsorden, slik som: Kvar kjem etterspørselsveksten i framtida? Kva teknologiar og løysingar må utviklast? På kva område har Noreg særskilte føresetnader for å lykkast?

Deler erfaringar

2020-prosjektet munnar ut i en publikasjon som samlar innspel og erfaringar som gruppene har komme med undervegs, delt inn i seks hovudtema. Statsråden understrekar at han er svært fornøgd med prosjektet.

-          Debatten om verdiskaping i framtida handlar om kommande generasjonar sine utsikter til å leve gode liv. Målet er at barna våre skal arve eit samfunn som er enda betre enn det vi fekk i arv. Ambisjonen er ikkje å gi alle svara, men å gi eit bidrag til debatten om kva vi skal leve av i framtida. Eg håpar det vil gi inspirasjon til at enda fleire deltek i framtidsdebatten, sa Giske.

Kontaktinformasjon:

Anne Cecilie Lund, kommunikasjonssjef NHD, 996 21 213. Øyvind Arum, nestleder kommunikasjon NHD, 917 28 409. Jofrid Egeland, seniorrådgiver kommunikasjon NHD, 970 44 221.

Bakgrunn om prosjektet

  • Publikasjonen er å finne elektronisk på www.nhd.no. Offentlege institusjonar kan bestille papirutgåva på www.publikasjoner.dep.no eller publikasjonsbestilling@dss.dep.no.
  • Gruppene har gjennomført fem og fire heldagsmøte i løpet av 2010 og 2011. Eit til tre tema er dekt på kvart møte. Gruppene har sjølv definerte kva tema dei skulle diskutere.
  • Planlegging av det faglege innhaldet har rullert mellom gruppemedlemmene.
  • Eksterne innleiarar har mellom anna inkludert forskarar, bedriftsleiarar og personar frå interesseorganisasjonar. Eksempel: Roger Bjørnstad (SSB), John G. Bernander (NHO), Olav Volldal (Kongsberg Automotive) og Marius Holm (Bellona).
  • Publikasjonen består av intervjuar med medlemmene om ulike tema, mellom anna Noreg i verden, innovasjon og forsking, kompetanse og utdanning, klima og miljø, den norske modellen samt eigarskap og leiing.

Deltakarar i 2020-prosjektet

Gruppa av yngre leiarar Tillitsvaldgruppa
 Trond Giske - Nærings- og handelsminister Trond Giske - Nærings- og handelsminister
Per Benjaminsen - ProBio ASA  Frode Alfheim - Industri Energi
Jon S. von Tetzchner - Opera Software ASA Rune Alne - Fellesforbundet
Christian Berg - Hafslund ASA Inger Elise Ekornås - NITO
Line Ellingsen - Ellingsen Seafood AS Anette Eriksen - EL & IT Forbundet
Leila Hafzi - Nepal Productions AS Bjørn Fornes - EL & IT Forbundet
Øyvind Hamre - Ragasco AS Hans Christian Gabrielsen - Fellesforbundet
Kjersti Kleven - Kleven Maritime AS Hilde Herland - Tekna
Rebecca Mahboubi - The American Bagel Company AS Elisabeth Jørgensen - Fellesforbundet
Steinar J. Olsen - Stormberg AS Anders Langerød - Industri Energi
Ole Robert Reitan - Reitangruppen AS Lise Myrvold - Norsk Arbeidsmandsforbund
Tine N. Rørvik - Norner AS Monica Paulsen - Negotia, YS
Zahid Saddiq - Star Autoco AS Rune Rafdal - Fellesforbundet
Olav H. Selvaag - Selvaag Gruppen AS Mirja Sandelin - Handel og kontor
Øystein R. Skiri - Boost Communications AS Trond Smaavik - NITO
Gry Cecilie Sydhagen - Metizoft AS Mette T. Solnørdal - Akademikerne
Yvonne Torgersen - Magnus M. Thunestvedt AS Kristian Tangen - LO
Anne R. Varden - Quality Spa & Resort Norefjell Per Filip Tjeransen - Tekna
Stein Marius Varner - Varner-Gruppen AS Roger Vangen - Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund
Thomas Wilhelmsen - Wilh. Wilhelmsen ASA Erik Warberg - Norges Juristforbund
Roar Aas - Fellesforbundet

 

 

Tags:

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker