Staten sel ikkje Mesta nå

Nærings- og fiskeridepartementet har på bakgrunn av dei boda som har kome, vedtatt ikkje å selje Mesta i denne omgang.

Departementet har gjennomført ein prosess for mogleg sal av statens aksjar i Mesta AS basert på fullmakt frå Stortinget.

- Eg trur eit selskap som Mesta normalt vil utvikle seg best med private eigarar. Vi starta difor ein prosess for sal. Det har vore brei interesse, men dei boda vi har fått er slik eg ser det betydeleg lågare enn verdien på selskapet. Staten sine forventningar til pris er dermed ikkje innfridde. Difor har eg landa på ikkje å selje Mesta nå, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Mesta AS er det leiande entreprenørselskapet i Noreg innafor drift og vedlikehald av veg og bane. Konsernet har om lag 1500 tilsette og hovudkontor på Lysaker. Selskapet omset for i underkant av fire milliardar kroner i året.

Regjeringas eigarskapsmelding « Eit mangfaldig og verdskapande eigarskap » understrekar at fullmakt til sal ikkje inneber at staten må selje.

- I tråd med meldinga skal vi sjølvsagt ikkje selje til for låg pris, seier Mæland.

Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet eig 100 prosent av aksjane i Mesta AS. Statens eigarskap er utelukkande forretningsmessig. Det betyr at staten skal få mest mogeleg igjen for pengane vi har investert, og at selskapet bruker sine mogelegheiter til utvikling og vekst. Departementet vil i tida som kjem legge enda meir vekt på dette i utviklinga av selskapet enn tidlegare, i nær dialog med styret.

Pressekontakt:
Pressevakta i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her .

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker