Styrkar kunnskap og forsking for næringslivet

Næringsretta forsking og kommersialisering, marin forsking, mineralnæringa og forenkling er blant hovudprioriteringane i Nærings- og fiskeridepartementet sitt forslag til budsjett for 2015.

I alt foreslår regjeringa løyvingar på om lag 73 milliardar kroner over budsjett til Nærings- og fiskeridepartementet. Utanom lånetransaksjonar foreslår regjeringa løyvingar på om lag 11,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 350 millionar kroner, eller 3,1 prosent frå 2014.

– Ny kunnskap og innovasjon er viktig for å skape framtidas bedrifter og trygge arbeidsplassar i Noreg. Derfor satsar vi på næringsretta forsking og innovasjon og aukar med nær 300 millionar kroner for å styrke næringslivet si konkurransekraft, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Regjeringa styrkar norsk konkurransekraft for å sikre og skape nye arbeidsplassar, og skape eit næringsliv vi kan leve av framover.

– Dette gjeld òg innanfor fiskerinæringa. Vi vil styrke marin forsking med 40 millionar kroner. Regjeringa vil òg halde fram investeringa i isgåande forskingsfartøy for å sikre framtidig kapasitet til havforsking i arktiske område. Styrka marin forsking vil medverke til at sjømatnæringa framleis er ein av dei viktigaste næringane i landet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H).

Les heile forslaget til budsjettet for Nærings- og fiskeridepartementet her .

Her er dei viktigaste prioriteringane for Nærings- og fiskeridepartementet

Meir næringsretta forsking og innovasjon

Investeringar i forsking og innovasjon er avgjerande for næringslivet si konkurransekraft. Regjeringa foreslår ei omfattande satsing på forsking og innovasjon i næringslivet i regjeringas forslag til budsjett. Brukarstyrd innovasjonsarena (BIA) styrkast med 70 millionar kroner. Samla er auken til dei landsdekkande og generelle verkemidla på nesten 300 millionar kroner.

Større løyvingar til kommersialisering, nyetableringar og miljøteknologi

Regjeringa foreslår ei satsing på kommersialisering av gode idear i Innovasjon Noreg og Forskingsrådet . Dette skal skje gjennom omfattande styrking av Forny2020 i Noregs forskingsråd på 20 millionar kroner, og til den landsdekkjande ordninga for etablerartilskot i Innovasjon Noreg på 110 millionar kroner. Regjeringa foreslår òg ein auke i miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg på 50 millionar kroner.

Styrka marin forsking

Regjeringa foreslår ei styrking av den marine forskinga på 40 millionar kroner. Styrkinga skal medverke til å vidareutvikle ei berekraftig sjømatnæring. Prioriterte område er forsking på fiskehelse og fôr, og styrking av infrastrukturen for marine data. I tillegg aukar løyvingane til næringsrelevant forsking, som teknologiutvikling, utvikling av marin bioøkonomi, levendelagring, internasjonalisering og kunnskaps- og kompetanseoppbygging ved marine forskingsinstitutt.

Nytt uavhengig regelråd for næringslivet

Regjeringa vil etablere eit uavhengig regelråd for næringslivet. Rådet skal medverke til at næringslivet ikkje blir påført unødige byrder gjennom nytt eller endra regelverk. Erfaringane frå andre land som har etablert uavhengige regelråd, er gjennomgåande positive.

Satsing på mineralnæringa

Regjeringa vil leggje til rette for vekst i mineralnæringa. Satsing på kartlegging av mineralar, ein effektiv og god mineral­forvaltning og tilrettelegging for raskare planprosessar ved større mineralprosjekt er sentrale tiltak. Regjeringa vil vidareføre den geofysiske kartlegginga av mineralar i Nord-Noreg og foreslår å løyve 20 millionar kroner i 2015 til dette. I tillegg blir kartleggingsprogrammet i Sør-Noreg vidareført med ti millionar kronar i 2015.

– Mineralnæringa har eit potensial for vekst, auka verdiskaping og nye arbeidsplassar i heile landet. Det kan vi berre utløyse dersom vi finn nye mineralressursar som det kan vere lønnsamt å utvinne. Regjeringa foreslår derfor å løyve til saman 30 millionar kroner til geofysisk kartlegging i Nord-Noreg og Sør-Noreg, seier næringsminister Monica Mæland.

Andre satsingar

Konkurranse er viktig for å fremje effektiv bruk av samfunnet sine ressursar. Regjeringa forslår no å styrke kjerneverksemda til Konkurransetilsynet med seks millionar kroner, utover prisjusteringa på tre millionar kroner. Pengane skal gå til å styrke konkurransen i den norske marknaden.

For første gong sidan nettolønnsordninga for sjøfolk blei innførd, foreslår regjeringa å prisjustere taket i ordninga og aukar derfor løyvinga med 22 millionar kroner.  Dette kjem i tillegg til ein auke på 80 millionar kroner som kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgivaravgift.

Ved det internasjonale Halden-prosjektet samarbeidar 20 land om å forske på sikker drift av atomkraftverk. Regjeringa foreslår å auke statens tilskot til Halden-prosjektet med 12,5 millionar kroner kvart år for neste prosjektperiode. Dette inneber eit samla statlig tilskot på 150 millionar kroner for prosjektperioden 2015-2017.

Hovudsatsingar i tal

  • 150 millionar kroner – styrke næringsretta forskinga i Noregs forskingsråd
  • 110 millionar kroner – styrke ordninga for etablerartilskot i Innovasjon Noreg
  • 50 millionar kroner – styrke Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg
  • 40 millionar kroner – styrke den marine forskinga
  • 30 millionar kroner – vidareføre geofysisk kartlegging av mineralar
  • 20 millionar kroner – styrke Forny2020 i Noregs forskingsråd

Les meir

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303, media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD  her .

Tags:

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker