Tilskotsordning for sjøfolk godkjend av ESA

Report this content

EFTAs overvakingsorgan (ESA) godkjende 27. april den nye tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk. Ordninga trådde i kraft 1. mars.

Den nye tilskotsordninga er ei oppfølging av maritim strategi, som regjeringa la fram i fjor sommar.

- Tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk er det viktigaste verkemiddelet for å halde på maritim kompetanse og rekruttering av nye sjøfolk i Noreg. Den sikrar også at norske sjøfolk og skipsfartsnæringa har like rammevilkår som i EU, seier næringsminister Monica Mæland (H). 

Her kan du laste ned regjeringas maritime strategi Maritime muligheter – blå vekst for grønn fremtid.

Les meir om tilskotsordninga på Sjøfartsdirektoratet si nettside

Les meir på ESA si nettside

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.

Dokumenter og linker