Vil ha fleire gode gründerar

- Norsk næringsliv må få fleire bein å stå på. Derfor treng vi fleire gode, nyskapande gründerar som startar nye og lønsame bedrifter, seier næringsminister Monica Mæland.

Næringslivet står framfor tøffe omstillingar i åra som kjem. For å legge til rette for meir nyskaping og fleire nye bedrifter, startar regjeringa arbeidet med ein gründerplan.

- Gründerar fornyar næringslivet og skaper dei bedriftene vi skal leve av i framtida. Derfor er det avgjerande at Noreg er eit godt land å starte og utvikle ny verksemder i, seier næringsminister Monica Mæland.

Noreg kjem til å leve av oljen i lang tid framover, men vi treng fleire bein å stå på. Den internasjonale konkurransen blir stadig sterkare, og vi må takle overgangen til eit meir klimavennleg samfunn. Samtidig får Noreg fleire eldre å forsørgje.

- Vi har allereie tatt eit historisk løft for å legge til rette for meir innovasjon og fleire nyetableringar i heile landet.  Mange gründerar manglar likevel nødvendig kompetanse og kapital i startsfasen. Unødig byråkrati stel tid og ressursar. Vi held derfor fram med arbeidet for å fornye, forbetre og forenkle vilkåra for gründerar i Noreg, seier næringsministeren.

Gründerplanen skal leggast fram i år.

- No ønskjer eg innspel til korleis regjeringa på beste måte kan betre vilkåra for dagens og morgondagens gründerar. I tillegg vil eg møte gründerar for å diskutere relevante utfordringar, seier Mæland.

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her .

Tags:

Om oss

Info om Nærings- og fiskeridepartementet: «Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å utforme en fremtidsrettet nærings- og sjømatpolitikk. Det innebærer å påvirke alle politikkområder som har betydning for verdiskaping. Det er den samlede verdiskapingen i landet som bestemmer nivået på velstand og velferd i Norge. Departementet skal fremme norsk næringsliv og handel, og bidra til en bærekraftig forvaltning av fiskeri- og havbruksnæringen. Departementet har også ansvaret for skipsfartspolitikk. Nærings- og fiskeridepartementet skal bidra til samordning av ulike departementers arbeid for å sikre en helhetlig, god og fremtidsrettet næringspolitikk. Departementet er sekretariat for næringsministeren og fiskeriministeren. Dette innebærer å gi faglige råd til statsrådene og regjeringen på det nærings- og sjømatpolitiske området, og bistå i utarbeidelsen av dokumenter til Stortinget.»

Abonner

Dokumenter og linker