Kart over eigen gard til 28 688 bønder (Foto)

Kart over eigen gard til 28 688 bønder (Foto) 20. mars 2006 I 2005 fikk bønder i 63 kommunar kart som syner korleis den dyrka marka fordeler seg på kvar enkelt landbrukseigedom. Til nå har NIJOS laga meir enn 40 000 gardskart sidan arbeidet med å ajourføre digitalt markslagskart starta i 2003. Føremålet med karta er å kvalitetssikre informasjonen, og få fram rett tal for korleis jordbruksareala fordeler seg. Areala endrar seg over tid, og slike endringar er det viktig å få med når bonden søkjer om tilskot for areala. Jordregister til 63 kommunar i 2005 NIJOS nådde målet for 2005 om å produsere jordregister og gardskart for dei kommunane som har fått ajourført digitalt markslagskart. I fjor fekk 63 kommunar jordregister og gardskart tilsendt, for å kvalitetssikre informasjonen som ligg til grunn for arealtala som forvaltinga skal nytta i tilskotsamanheng. 49 kommunar på kurs i 2005 Finn bonden feil på kartet, skal han eller ho melde frå om dette til landbrukskontoret slik at ein kjem fram til rett areal. Arbeidet med opprettinga etter at bonden har meldt om feil, vert gjort i kommunane. Dette krev at kommunen må ha kompetanse innan markslag og digitalt ajourhald. NIJOS har difor medverka til kursverksemd, foredrag og tett oppfølging av Fylkesmennene og dei kommunane dette gjeld. 49 kommunar deltok på førebuande kurs i 2005, og like mange har fått kurs praktisk ajourføring av digitalt markslagskart. Gardskartet bidreg til kvalitetssikring av søknader Bøndene får gjennom gardskartet ein dokumentasjon av arealressursane på sin eigedom. Dei får slik vite kva for informasjon som skal ligge til grunn for søknader, og dei får tilgang til eit kartgrunnlag som dei kan nytta til ulike formål innafor næringsverksemda. Samtidig får kommunen rydda opp i datagrunnlaget som ligg til grunn for arealberekningane. Kartgrunnlaget er eit viktig og nødvendig reiskap for forvaltninga av arealressursane i den enkelte kommune, i åra som kjem. Gardskart på Internett (www.nijos.no/gardskart) NIJOS lanserte 20. januar 2005 Gardskart på Internett. Denne tenesta gjer at ulike kart vert lettare tilgjengelege, og er eit ledd i modernisering av offentleg forvaltning. Tenesta hentar det mest oppdaterte datagrunnlaget frå sentrale basar som ligg spreidd rundt i landet, og reknar ut og viser informasjonane i sann tid. På denne måten blir det enklare for dei næringsdrivande å komme offentlege pålegg i møte, som til dømes dokumentasjon og planlegging. Kommunane får eit enkelt verkty, som er nyttig for mange av oppgåvene som er knytt til landbruksforvaltinga. Fyrlyktprisen i 2005 (http://www.nijos.no/gardskart/fyrlykt/index.htm) NIJOS sin gardskartteneste på Internett fekk tildelt Statens Dataforum sin Fyrlyktpris for 2005 for framifrå bruk av IT. Foto til illustrasjon av medieomtale · Kart over Noreg. NIJOS har laga over 40 000 gardskart til no. Kartet syner dekning av gardskart per 31. desember 2005 http://www.nijos.no/ARKIV/Internett/Om%20NIJOS/Presserom/Fotoarkiv/bilder-gardskart/gardskart-dekning-des05.jpg · Diverse foto knytte til gardskart http://www.nijos.no/index.asp?topExpand=1000091&subExpand=1000109&menuid=1000491&strurl=//applications/system/publish/view/showObject.asp?infoobjectid=1002296&context=11 Meir informasjon sjå: www.nijos.no/gardskart Kontakt · Hildegunn Norheim, seksjonsleiar arealinformasjon, tlf: 64 94 97 06, e-post: hildegunn.norheim@nijos.no · Anita Nordsveen, nettredaktør, tlf: 64 94 97 56, e-post: anita.nordsveen@nijos.no Om NIJOS Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) er eit statleg, nasjonalt fagorgan som skaffar informasjon om jorda, skogen, utmarka og landskapet i Noreg. NIJOS vil frå 1. juli 2006 føre sitt arbeid vidare i Norsk institutt for skog og landskap saman med Skogforsk og Norsk genressurssenter. Norsk institutt for skog og landskap er eit nytt nasjonalt institutt for kunnskap om arealresursar. Les meir på: www.nijos.no ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no

Abonner