Nytt seterkart for Hedmark



Nytt seterkart for Hedmark
Ås, 25. april 2007


Informasjonssystem for beitebruk er no oppdatert med data frå 2006. Nytt av året er at det er lagt ut oversikt over setrer i drift for Hedmark fylke.
Kart og statistikk er tilgjengeleg på heimesida til Skog og landskap.
Informasjonssystem for beitebruk (IBU) viser organiserte beitelag i Noreg, talet på dyr per beitelag, dyretettheit og tapsprosent i dei ulike beitelaga. Systemet inneheld statistikk og søkbare kart. Kvart år skjer endringar i datagrunnlaget, beitelag fell frå og nye blir starta eller områdebruken endrar seg. Årleg oppdatering av IBU skjer i godt samarbeid med Fylkesmennene sine landbruksavdelingar og Statens landbruksforvaltning. Om lag 80 prosent av sauetalet som blir sleppt i utmark er organisert i beitelag. Talet på storfe i beitelag er aukande og utgjer knapt 30 prosent av sleppte dyr.
I den oppdaterte utgåva av IBU er det også lagt inn setrer som var i drift i Hedmark i 2006. Data er samla inn av Fylkesmannen i Hedmark gjennom lokale landbrukskontor. Det som er vist i IBU omfattar stort sett setrer som har fått støtte for mjølkeproduksjon på setra gjennom fylket sitt regionale miljøprogram. Dette utgjer 276 setrer fordelt på 256 enkeltsetrer og 20 fellessetrer. Det er samla inn eit langt meir omfattande datamateriale i dette prosjektet. I alt er 2400 setrer i Hedmark digitalisert med ulike data kring arealbruk. Dette materialet blir forvalta av Fylkesmannen og dei enkelte kommunane.

For meir informasjon sjå: Beitebrukskart og -statistikk på heimesida til Skog og landskap
Kontaktpersonar
Michael Angeloff, overingeniør ved Skog og landskap
tlf: 64 94 97 83
e-post: michael.angeloff@skogoglandskap.no
Yngve Rekdal, seksjonsleiar utmark ved Skog og landskap
tlf: 64 94 97 82 / 959 33 520
e-post: yngve.rekdal@skogoglandskap.no
Anita Solberg, informasjonsrådgivar ved Skog og landskap
tlf: 64 94 97 65 / 957 44 505
e-post: anita.solberg@skogoglandskap.no

Om Skog og landskap
Norsk institutt for skog og landskap (Skog og landskap) er eit nasjonalt institutt, som ligg under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet forskar og framskaffar informasjon om skog, jord, utmark og landskap i Noreg. Vidare formidlar instituttet kunnskap til styresmakter, næringsliv og ålmenta for å sikre berekraftig forvalting og verdiskaping knytt til arealressursane.
Hovudkontoret til Skog og landskap ligg i Ås i Akershus. Instituttet har også regionkontor i Nord-Noreg, Midt-Noreg og Vest-Noreg. Instituttet har til saman 220 tilsette.
For meir info sjå: www.skogoglandskap.no
------------------------------------------------------------
Informasjonen er sendt gjennom Cision http://newsroom.cision.com

Abonner