Tradisjonsrik ordning står sterkt: Skulemjølk populært i Rogaland

Skuleelevane i Rogaland er mellom de flinkaste i landet til å drikke mjølk på skulen. 55,5 prosent av elevane i fylket er med på skulemjølkordninga. Det er over landssnittet og gjev Rogaland en vel fortent 6. plass på skulemjølkstatistikken.

- Mjølk er ei viktig kjelde til kalsium, som er ein av de viktigaste byggesteinane i eit sterkt skjelett. Fram til 25-årsalderen, vert skjelettet bygd opp til maksimal styrke, noko som gjer det ekstra viktig å få i seg nok kalsium i barne- og ungdomsåra. God oppslutning om skulemjølka bidreg difor positivt for kosthaldet til barn, meiner skulefagleg konsulent, Kjersti Selseth i Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no).

Heilt sidan skulemjølkordninga vart innført i 1971, har ¼-literskartongen vore ein viktig del av norske barn sitt skulemåltid. 39 år seinare står mjølkeordninga framleis sterkt i Noreg. 99 prosent av skulane (barneskular og kombinerte barne- og ungdomsskular) er i dag knytt til abonnementsordninga. Totalt får 51,5 % prosent av elevane i norske barne- og ungdomsskular servert mjølk til skulematen. Dette er en tilbakegang frå i fjor på 0,4 %.

-Ekstra lett mjølk aukar i dei aller fleste fylka. Lettmjølk er meir stabil, mens kakaomjølka går noko ned i de fleste fylka, fortel Kjersti i Melk.no

Auke i Rogaland

55,5 prosent av rogalandselevane var med på skulemjølkordninga i skuleåret 2009/2010. Dette er ein auke på 0,54% samanlikna med året før.

-Dei ivrigaste til å drikke skulemjølk, finn vi i Sogn og Fjordane. Her hadde heile 72 prosent av elevane abonnement på anten lettmjølk, ekstra lettmjølk eller kakaomjølk. Nord-Trøndelag følgde tett på med ei oppslutning på 68,2 prosent, mens 65,1 prosent i Møre og Romsdal hadde skulemjølk. Alle desse tre fylka hadde ei auka oppslutning om skulemjølkordninga samanlikna med fjoråret, fortel Kjersti i Melk.no.

Fullt så god oppslutning om ordninga var det ikkje i Aust-Agder. Her var 40,9 prosent av elevane med på skulemjølkordninga. Nest lågaste andelen mjølkedrikkarar mellom elevane finn vi i Vestfold med 42 %. Skulebarn på den andre sida av Oslo fjorden sluttar litt betre opp om ordninga. Østfold hadde ein dekningsprosent på 43,5 %. 

Fleire mogelege val innan skulemjølkordninga

I 2006 vart skulemjølk tilsatt smak innført som eit tilbod til dei barna som ikkje vil ha vanleg mjølk eller ikkje toler laktose. I skuleåret 2009/2010 var det tilbod om éin variant – kakaomjølk. Dette er mjølk med ein svak smak av kakao og kan ikkje samanliknast med kakaomjølk som vert seld i butikk. Ernæringsmessig er dette eit svært godt alternativ fordi den inneheld svært lite fett, vitamin D og i tillegg har den like mykje vitamin og mineral som vanleg mjølk. Kakaomjølka er berre tilsatt 0,9 % sukker og er basert på ekstra lett mjølk. Den er også laktoseredusert, slik at dei som har laktoseintoleranse, kan drikke den. Laktosereduseringa gjev mjølka ein naturleg søtare smak.

- Med ein kartong skulemjølk, får elevane i seg 6 viktige vitamin og mineral. Mjølk er e i viktig kjelde til kalsium, eit næringsstoff mange barn og unge får i seg for lite av . I tillegg er mjølk ei kjelde til mellom anna protein, jod, B-vitamin og fosfor . N æringsrik drikke, i kombinasjon med sunn nistemat i løpet av skuledagen, er avgjerande for barn og ungdom si læringsevne, påpeker Kjersti i Melk.no.

-Vi anbefaler vanleg mjølk til skulematen og vatn som tørstedrikk. Om ein ikkje drikk mjølk på skulen, er det ofte ei utfordring å få i seg nok kalsium resten av dagen. Tre porsjonar meieriprodukt dagleg sikrar kalsiuminntaket, og med ein kartong skulemjølk har barna fått i seg ca 1 ½ porsjon. Drikk dei eit glas mjølk til frukost samt har litt gulost i matpakka, er dei i mål. For dei elevane som ikkje likar mjølk, er skulemjølk tilsatt smak eit veldig godt alternativ til annan drikke. Ingen annan drikk inneheld så mange næringsstoff i ein og same drikk, avsluttar Kjersti i Melk.no

Dekning skulemjølk skuleåret 2009/2010

Barne/ungdomsskular 2009/2010 2008/2009 Endring
Sogn og Fjordane 72,00 71,9 0,14 %
Nord-Trøndelag 68,20 67,9 0,44 %
Møre og Romsdal 65,10 64,1 1,56 %
Sør-Trøndelag 60,60 61,2 -0,98 %
Vest-Agder 56,90 58,9 -3,40 %
Rogaland 55,50 55,2 0,54 %
Hedmark 54,50 53,4 2,06 %
Oppland 53,90 54,5 -1,10 %
Hordaland 53,60 54,2 -1,11 %
Nordland 51,80 51,8 0,00 %
Troms 49,60 51 -2,75 %
Finnmark 48,30 49,5 -2,42 %
Buskerud 47,50 48,9 -2,86 %
Telemark 46,30 49,3 -6,09 %
Akershus 45,70 46,3 -1,30 %
Østfold 43,50 45,2 -3,76 %
Oslo 42,30 45,4 -6,83 %
Vestfold 42,00 44,7 -6,04 %
Aust-Agder 40,90 42,2 -3,08 %
Landsdekning 51,51 % 51,70 % -0,37 %

* Tala viser oppslutning om skulemjølkordninga mellom elevar på barneskular og kombinerte barne- og ungdomsskular. Reine ungdomsskular er ikkje inkludert.

Les om Verdas Skulemjølkdag og Skulemjølkprisen på melk.no

Sjekk om du får i deg nok kalsium med vår kalsiumkalkulator

Klikk på linken for høgoppløyselege bilete til trykk: bilder

Klikk på linken for å sjå spanande oppskrifter frå vår web tv: melk.tv           

For meir informasjon, mattips eller bilete, ver venleg ta kontakt med:
Kjersti Selseth, Skulefagleg konsulent i Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no),
e-post: kjersti@melk.no, tlf: 23 30 20 18 / 92 299 418
Kine Camilla Tøften, Kommunikasjonssjef Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no),
e-post: kine@melk.no tlf: 23 30 20 15 / 41 61 93 46

Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no) er et merkenøytralt opplysningskontor med fokus på melk og meieriprodukter. Vi ønsker å bidra til økt bevissthet og kunnskap om kosthold og ernæring, samtidig som vi skal være en inspirasjonskilde til matglede i hverdagen. 
For mer informasjon, se www.melk.no

 

 

Om oss

Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no) driver merkevarenøytral informasjonsvirksomhet på vegne av aktørene i den norske meieribransjen. Nettstedet www.melk.no publiseres av Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no). Melk.no er et av opplysningskontorene i landbruket, og har som overordnet formål å fremme forbruket av meieriprodukter gjennom å øke kunnskapen om melk og meieriprodukter. Vi formidler merkenøytral informasjon. Melk.no har en svært bred målgruppe - i prinsippet alle som har privat eller profesjonell interesse av mat, matkultur og ernæring. Vi henvender oss til forbrukere, skoleverket (elever og lærere), presse, helsepersonell, meieriindustrien og landbruksnæringen generelt. Vi har et bredt spekter av aktiviteter, blant annet generelt opplysnings- og informasjonsarbeid (produksjon av oppskrifter og brosjyrer), undervisningsmateriell, aktiviteter mot pressen samt nettstedet www.melk.no.

Abonner