42 millionar kroner til betre tilgjenge i kollektivtrafikken

- Desse midlane skal bidra til å gjera reisekvaliteten betre for alle kollektivreisande ved auka tilgjenge, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Samferdselsdepartementet i har tildelt 42 millionar kroner til ulike tiltak for meir tilgjengeleg kollektivtrafikk.

Føremålet med tilskotsordninga er å bidra til raskare og betre koordinert innsats frå alle aktørar i arbeidet med å betra tilgjenget i kollektivtransporten. Enkle og effektive løysingar er blitt prioriterte, og innsatsen er konsentrert til strekningar og knutepunkt med mykje trafikk. Den statlege ordninga delfinansierer kommunale og fylkeskommunale tiltak som støttar opp under den innsatsen som blir utført for betre tilgjenge for alle reisande - i heile reisekjeda. Det vert kravd ein lokal eigendel på minst 25 prosent. Vegdirektoratet administrerer ordninga.

I 2011 vil 44 ulike tiltak bli tildelt midlar. Døme på tiltak som får stønad i 2011:

  • Oppgradering av busshaldeplassar og bussterminalar
  • Oppgradering av trikkehaldeplassar
  • Kartlegging og planlegging



For fleire opplysningar  - sjå:



For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressesenteret i Samferdselsdepartementet, med pressevaktliste for jule- og nyttårshelga 2010

 

Tags:

Abonner