500 000 kroner til trafikktryggleiksprosjekt i Hedmark

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa leverte i dag ein sjekk på 500 000 kroner til Ringsakerprosjektet – Ja til trafikkLYKKE. – Prosjektet er eit glitrande døme på lokalt trafikktrykkleiksarbeid som har gjeve resultat. Det kan og bør vera til inspirasjon for andre, seier statsråden.

Ringsakerprosjektet blei sett i gang i januar 2007 etter mange dramatiske ulukker i området i åra 2002-2005. Statens vegvesen, Politiet, Hedmarks fylkeskommunes trafikktryggleiksutval, Trygg Trafikk og kommunen inngjekk eit samarbeid for å få ned ulukkestala og la vekt på ulukkesutsette grupper, særleg ungdom.

Tiltaka i prosjektet har vore retta mot miljøet rundt dei risikoutsette gruppene. Det har blitt arrangert folkemøte og mopedkurs for ungdom, og unge bilførarar har fått tilbod om å utfalda seg på ein glattkøyringsbane under tilsyn av politi og vegvesen. Kontakten med dei risikoutsette gruppene blei kombinert med fleire og meir målretta politikontrollar basert på informasjon som kom fram gjennom prosjektet.

Vellukka prosjekt

Prosjektet blir vurdert som vellukka, ikkje minst av deltakarane i prosjektet. Talet på trafikkdrepne i kommunen har gått ned i løpet av prosjektperioden, utan at ein sikkert kan seia at det er tiltaka i prosjektet som er årsaka til det.

Hedmark fylkeskommune ynskjer no å vidareføra prosjektet og utvida det. Fleire kommunar har allereie meldt si interesse.

Samferdselsdepartementet løyver vanlegvis ikkje midlar til denne typen prosjekt, men har gjort eit unntak i dette høvet.

- Det er viktig for meg å synleggjera vellukka lokale trafikktrykkleiksinitiativ. Midlar til Hedmark fylkeskommune og Ringsakerprosjektet, er meint å vera til inspirasjon for andre og dermed gje ringverknader utover i landet.

For fleire opplysningar, ring Samferdselsdepartementets pressetelefon: 919 14 777  (mellom kl. 08 og kl. 16 på hverdager.)

Abonner