550 millionar til meir kollektivtransport og mindre bilbruk i Bergensområdet

- Med bakgrunn i dei utfordringane Bergensområdet har med framkome og luftforureining, gler eg meg til å skriva under på ein fireårig avtale om belønningsmidlar til Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Avtalen har ei ramme på inntil 550 millionar kroner i fireårsperioden. Den vil gi rom for eit betre kollektivtilbod og meir gange og sykkel. Avtalen vil og vera med å sikra bybane til Flesland.

Hordaland og Bergen er det einaste byområdet som er tilgodesett med fireårig avtale i år. I søknaden sin  føreslår dei tiltak som tidsdifferensierte bompengar, reduksjon av parkeringsplassar i sentrum og ein samordna areal- og transportpolitikk. Alt dette skal leggja  til rette for kollektivreiser framfor bruk av bil.

Målet  med avtalen er at den samla biltrafikken i bomringen i Bergen ikkje skal auka i avtaleperioden, sjølv om folketalet og /eller talet på arbeidsplassar aukar. Dessutan skal biltrafikken inn mot Bergen sentrum i periodar med mange   arbeidsreiser, bli redusert med 5 % i fireårs-perioden.

I løpet av året skal det utarbeidast ein konkret  handlingsplan for korleis ein skal nå måla, og vedtak om bilreduserande tiltak skal vera på plass både i fylkeskommunen og i Bergen kommune i 2011. Dette er klare føresetnader for utbetaling av midlar i 2012.

Dei årlege beløpa fordeler seg slik: 2011: 70 millionar kroner, 2012: 150 millionar kroner, 2013: 168 millionar kroner og 2014: 162 millionar kroner.

Belønningsordninga blei innført i 2004. Ordninga har som mål å påverka transportutviklinga i dei større byane slik at fleire velgjer kollektivtransport, sykkel eller gange framfor eigen bil.

Samferdselsdepartementet har tidlegare inngått tre fireårige avtalar frå belønningsordninga. Dette gjeld Trondheimsområdet, Kristiansandsområdet og Buskerudbyen. Fireårige avtaler er i samsvar med klimaforliket i Stortinget og legg til rette for meir langsiktig planlegging, og dermed  tiltak som gir større effekt.

 

 

Abonner