Bertheussen ny direktør i Statens havarikommisjon for transport

Avdelingsdirektør William J. Bertheussen, Skedsmo, er i statsråd i dag tilsett som ny direktør i Statens havarikommisjon for transport. Han er 46 år og har arbeidd i Havarikommisjonen sidan 2005. 

- Med Bertheussen har havarikommisjonen fått ein direktør som har svært gode føresetnader for å leia Havarikommisjonen, og vareta kommisjonen si viktige rolle som undersøkingsorgan innan alle transportformene, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Bertheussen har yrkesbakgrunn frå Sjøforsvaret, frå Festspela i Nord-Noreg og frå stillingar innan turisme, før han i 2003 blei tilsett som inspektør i Sjøfartsdirektoratet. Frå 2005 har han vore tilsett i Statens havarikommisjon for transport, der han har hatt ansvar for å byggja opp og leia sjøfartsavdelinga.

William J. Bertheussen er utdanna ved Sjøkrigsskulen i 1987. Han har mastergrad i sjørett frå Universitetet i Oslo i 2003 og mastergrad i samfunnstryggleik frå Universitetet i Stavanger i 2008.


For fleire opplysningar – sjå:

  • Nettsida til Statens havarikommisjon for transport

For meir informasjon – ta kontakt via:

Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14   777 (kvardagar kl. 08-16)

Tags:

Abonner