Betre parkeringstilbod ved kollektivknutepunkt

Report this content

– Vi må gjere det enklare å reisa med kollektivtransport inn til bysentrum. Betre parkeringstilbod ved kollektivknutepunkt kan bidra til å styrkje kollektivtransporten. For mange som i dag nyttar personbil på heile reisa mellom heim og arbeidsstad, kan betre parkeringstilbod føre til at ein i staden vel kollektive reisemåtar for delar av strekninga.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet har invitert til eit møte 22. august i år for å drøfte korleis utbygging av såkalla innfartsparkering kan bidra til pendlarar vel å parkere privatbilen utanfor bysentrum og i staden reiser kollektivt den siste strekninga.

Representantar frå bussnæringa, NSB, Jernbaneverket, parkeringsbransjen, fylkeskommunane, Statens vegvesen og anna transportfagleg hald er inviterte til møtet.    

– Folk treng ein reisekvardag som er føreseieleg. Det har ein ikkje om ein kjem til fulle parkeringsplasser, og for mange blir da bilen det transportmiddelet ein føretrekkjer heilt fram til arbeidsplassen. Eg ser fram til konstruktive forslag og innspel i møtet og i det vidare arbeidet med å få på plass betre parkeringstilbod ved mange viktige kollektivknutepunkt, seier samferdselsministeren.  

Tags: