Doblar løyvingane for å redusera dyrepåkøyrsler

Ein ny handlingsplan inneheld ei rekkje tiltak for å få ned talet på dyrepåkøyrsler. Løyvingane skal doblast frå og med 2012.

-Talet på dyrepåkøyrsler er no rekordhøgt. Det tek eg på alvor. Vi vil arbeida systematisk for å snu utviklinga. Eg har varsla ei dobling av midlane til dette arbeidet i komande seksårsperiode, frå 5 til 10 millionar årleg. Auken vil koma frå og med 2012-budsjettet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa etter å ha fått overlevert den nye handlingsplanen mot dyrepåkøyrsler.

Det var Samferdselsdepartementet som i fjor haust bad Jernbaneverket om å utarbeida ein slik plan. Handlingsplanen skal leggjast til grunn når forslaget til budsjett for 2012 skal utarbeidast.

- Vi har fastsett eit mål om at talet på dyrepåkøyrsler skal ned i maks 1400 innan 2013. Det er eit ambisiøst mål. Noko av det viktigaste for å nå dette målet, er godt samarbeid mellom aktørane. Problema må løysast i fellesskap, seier statsråd Kleppa.

Frå 2009 til 2010 auka talet på dyr påkøyrt av tog frå 1796 til 2292. Det er flest elg, reinsdyr og sau som blir påkøyrt. I handlingsplanen har Jernbaneverket kartlagt dei ulike strekningane. Konkrete tiltak er føreslått for kvar strekning. Dei banane der problema er størst, vil bli prioritert. Det er flest dyrepåkøyrsler på Nordlandsbanen (35 prosent).


For fleire opplysningar - sjå:


For meir informasjon - ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Tags:

Abonner